Norddalsfjord Bondelag samla medlemmane til årsmøte på Idrettshuset på Midtbø. Det var 10 medlemmer som møtte, og to gjester for kvelden.  Randi Erdal frå landbrukskontoret var med og snakka om RMP-ordninga og SMIL-midlar.  Gry Ingvild Agjeld var med frå styret i Vestland Bondelag og orienterte om arbeidet i bondelaget. Det vart servert påsmurte rundstykker, kaker og kaffe.

Latter og alvor gjekk hand i hand, slik det skal gjere på eit årsmøte i eit lokalt Bondelag.

Applaus for Open Gard

Leiaren Stig Midtbø leia årsmøtet og la fram ei god årsmelding for laget. Det har vore godt med aktivitet i eit lag med 37 medlemmar.  Årets innspel til jordbruksforhandlingane vart forma med å samlast ein heil dag til dette, i staden for fleire kveldar som det tradisjonelt har vore brukt.  Dette fungerte godt, var veldig sosialt, og det vart servert mat og var tid til litt anna prat innimellom.  I august vart det arrangert Open gard på Norbakken hos Andre Nordal og familien.  Her var det hesteriding og høyhopping for ungane.  Grillmat og svele gjekk unna heile dagen.  Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret var med og held ein flammande appell om kor viktig det er å bruke norsk mat.  At det gjekk unna på maten er ikkje uventa når det var mellom 800 og 1000 personar innom på garden denne flotte sommardagen.  Laget har og organisert plastinnsamling. Styret tok ansvar for lasting av container ved Idrettshuset, og alle som leverer skal betale ein sum for transport av container.

Som innspel til arbeidsplanen var det ønskje frå årsmøtet at ein skal prøve å få til ein studietur, og at det er ein sosial og kjekk aktivitet som er sakna.

Økonomien i svineproduksjonen må styrkast

Gry Agjeld fekk med seg innspel attende til Fylkesstyret om at det må vera fokus på den vanskelege situasjonen for grisebøndene som slit med dårleg lønnsemd, sidan kraftfôrprisen har auka så kraftig. Oppgjeret i vår vart dårleg for grisebøndene, og dei treng eit skikkeleg løft til våren. Det var og skryt å få for godt arbeid med sakene i vårt område etter ulovleg inntrenging og fotografering i grisefjøs. Dette er viktige saker for næringa som frykter for konsekvensene av handsaminga av desse sakene i rettssystemet.

 

Styret fekk fornya tillit

Valnemda la fram innstiling om attval på leiar, og dei to i styret som var på val som var Per Inge Midtbø og Magnus Sundal. Alle tre fekk fornya tillit.

Styret for Norddalsfjord Bondelag blir for arbeidsåret 2022/-23 leia av Stig Midtbø, og med seg har han Per Inge Midtbø, Magnus Sundal, Knut Solheim, Magne Eikevik og Jan Arve Midtbø. Ny i valnemda er Andre Norddal.

Styret i Norddalsfjord Bondelag f.v. Magne Eikevik, Magnus Sundal, Per Inge Midtbø, Stig Asle Midtbø, Jan Arve Midtbø og Knut Solheim.