Nyhende frå Vestland Bondelag

Den vanskelege samtalen

- Ver ikkje redd for å spørje naboen om korleis det går når du møter han, sa Oddvar Vignes i kveldswebinaret som Vestland Bondelag tilbydde sine medlemer denne veka.

Besøk frå Malawi

Denne veka har Vestland hatt besøk av Patricia Mkandawire. Ho er bonde i Malawi i Afrika. Eitt av verda sine fattigaste land der utvikling av jordbruket og bruken av matjorda til dyrking av eigen mat er heilt avgjerande.

Søk om midlar frå Bærekraftfondet

For å bidra til eit levedyktig og framtidsretta landbruk, har Norges Bondelag og Gjensidige Forsikring etablert eit berekraftfond. Både enkeltpersonar og lokallag kan søkje om midlar til førebyggjande tiltak.

Invitasjon til klimasamling på Voss

KlimaVest, Voss Herad, Tine, NLR Vest og Vestland Bondelag inviterer til klimasamling på Voss, laurdag 8. oktober.

Fylkeskommunen prioriterer grøntnæringa

- Det er svært gledeleg at fylkeskommunen har sett av søkbare midlar som skal nyttast til føremål som vil auke verdiskapinga i grøntnæringa i Vestland, seier fylkesleiar Anders Felde.

Kjekk dag på Breim

Laurdag 17.september vart det arrangert Open Gard på Breim. Det var ein kjekk dag for både store og små. Sjå glimt frå arrangementet her.

Fylkesstyret samla på Voss

- Det er viktig å kunne samlast til fysisk møte for å drøfte strategiar for fylkeslaget sitt vidare arbeid gjennom hausten og vinteren, seier fylkesleiar Anders Felde i ein kommentar til at fylkesstyret i Vestland Bondelag er samla på Voss denne veka.

Webinar: Korleis ta den vanskelege samtalen?

Vi vil invitere alle medlemer til webinaret «Den vanskelege samtalen». Håpet for hausten er at ingen bonde i Vestland Bondelag skal gå aleine med tunge tankar.

Nye ordningar skal kompensere straumkostnader for næringslivet

- Det er bra at ordninga kjem, og at der er ein opning for produsenteigde pakkeri. Det er likevel viktig at det vert arbeidd vidare med å sjå på løysingar som kan gjere ordninga betre for lager og pakkeri, slik at vi sikrar lagringskapasitet for norske frukt og grønsaker utover hausten og vinteren seier styremedlem Kari Sigrun Lysne.

Nyttig informasjon om valnemndsarbeidet

Nils Magne Gjengedal kom med mykje god informasjon under den digitale samlinga for valnemndene denne veka. Dersom du ikkje hadde høve til å delta, kan du laste ned presentasjonen her.

Matproduksjon er ein viktig del av beredskapen

- Ein spreidd matproduksjon basert på familiejordbruket, med ein tydleg kanaliseringspolitikk, vil kunne sikre ein høgare norsk matproduksjon, og med det styrke matberedskapen vår sa fylkesleiar Anders Felde då han innleia på seminar i regi av LO og NNN i Hordaland sist veke.

Vellukka dag på Osøyro

Open Gard på Osøyro vart ein stor suksess, sjå bilder frå dagen her.

Utfordra på landbruket si eiga nedbygging av matjord

- Ja, det er litt å møte seg sjølv i døra når nybygg på garden vert bygd på matjord, sa styremedlem i Vestland Bondelag Gjertrud Svartveit Osmundsen då ho innleia på Landbrukskonferansen i Førde sist veke.

Tok opp straumstøtte til produsenteigde pakkeri med Ministeren

- Det hastar med å få på plass ei ordning med straumstøtte for dei produsenteigde pakkeria i grøntsektoren, sa fylkesleiar Anders Felde i møte med Landbruks- og Matminister Sandra Borch denne veka.

Stor suksess for frukt og grønt på Matfestivalen

Vestland Bondelag og Bybonden i Bergen hadde felles stand på Ung Matfest under Bergen Matfestival. Smaksprøver av frukt og grønt gjekk ned på høgkant!

Ekstra utbetaling av produksjonstilskot i 2022

Den ekstra utbetalinga som skal kompensere for ekstra kostnader i 2022 vert utbetalt i to omgongar med første utbetaling i dag 6. september.

Fylkesleiar med i referansegruppe

Anders Felde er oppnemnt av styret i Norges Bondelag til å sitje i ei intern referansegruppe i Norges Bondelag som skal medverke når den partssamansette gruppa som skal gå gjennom kvoteordninga for mjølk tek til på sitt arbeid.

Fylkeskommunen har lagt Temaplan landbruk ut på høyring

Interessert i moglegheitene for å utvikle landbruket i fylket? Då bør du nytte høvet til å lese planen og sende dine innspel, kommentarar og råd om forbetringar. Planne er gjeldande frå 2023-2027 og skal samordne fylkeskommunen sitt arbeid på område landbruk.

Vellukka dag på Eid

26.august hadde 10. klassingane på Eid Ungdomsskule ein kjekk dag saman med Eid Bondelag. På timeplanen sto oppsetting av gjerde, fjøsbesøk,vedakløyving, hesteskokasting, øksekasting og fotballkamp. Sjå glimt frå dagen her.

CWD: Beitebrukarar i Nordfjella og Hardangerviddasona kan søkje om å få dekka ekstrakostnader

- Beitebrukarar som er omfatta av forskrift som skal hindre vidare spreiing av CWD og som har ekstrakostnader knytt til dette kan no søkje om å få dekka dei ekstraordinære kostnadene.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere