Nyhende frå Vestland Bondelag

Grunnmuren må vere på plass

- Skal eg og alle dei andre som no vurderer kva dei skal bruke liva sine på velge jord, fjøs og matproduksjon er vi heilt avhengig av at den lova økonomiske jamstillinga faktisk vert gjennomført, sa utsending PederNernæs i sitt innlegg til årsmøtet i Norges Bondelag

Me har ingen fleire mjølkeprodusentar å mista

- Me treng kvar ein mjølkeprodusent for både for produksjonene, fagmiljøa, beredskap og verdiskapinga i samfunnet, sa styremedlem i Vestland Bondelag, Kjersti Hjelmeland i sitt innlegg til årsmøtet i Norges Bondelag

- Første steg for auka sjølvforsyning

Regjeringspartia og SV er samde om revidert nasjonalbudsjett. Der kjem det fram at dei skal vurdere overgang frå kronetoll til prosenttoll for ei rekke jordbruksvarer.

- Alle mennesker er like mykje verdt uansett legning, og alle mennesker har lik verdi

Det sa fylkesleiar Anders Felde etter Vestland Bondelag deltok i Pride-paraden i Førde laurdag 11.juni. Sjå glimt frå dagen her.

Ny samarbeidsavtale med Bybonden

Bybonden i Bergen, Ida Kleppe, vert bonde på eigen gard og vi får ein ny Bybonde etter sommaren. Samstundes går prosjektet over i fast engasjement.

Respekter landbruket si stemme

- Alle utfordringar i Norsk landbruk er ikkje løyst med årets avtale, men eg håpar fleirtalet på Stortinget respekterer hovudfokuset i år; kostnadsdekning for alle typar bruk, og inntekts løft for det store fleirtal av bønder, skriv fylkesleiar Anders Felde i eit lesarinnlegg i Nationen

Bli med oss på Pride-parade

Laurdag 11.juni er det Pride-parade i Førde. Vestland Bondelag gler seg til å delta.

Ny nettside for klimaarbeid på garden

Klimaprosjektet «Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket» får si eiga nettside. I dag klokka 10 kan du klikke deg inn på www.klimavest.no og lese nyheiter og finne informasjon og motivasjon til klimaarbeidet på garden din.

Bjørn Gimming på gardsbesøk og opning av biogassanlegg

Leiaren i Norges Bondelag deltok i opninga av det nye biogassanlegget på Stord, og nytta høvet til å treffe tillitsvalde frå lokallaga.

Vellukka gardsbesøk i Gaular

Applaus til Gaular Bondelag som har gjennomført gardsbesøk for 9.klasse ved Sande skule. Sjå glimt frå den vellukka dagen her.

Klar for årsmøte i Norges Bondelag

Årsmøtet går føre seg 15.-16. juni på Lillehammer. Vestland Bondelag sender 13 utsendingar i tillegg til leiar, nestleiar og organisasjonssjef.

Rydda søppel langs E39

Sjå glimt frå ryddeaksjonen her.

Suksess for Open Gard på Lygra

Rundt 600 besøkande var innom då Alversund og Seim Bondelag arrangerte Open Gard 22. mai.

Fritt fram for alle gode prosjekt

- Partnerskapen for landbruket i Vestland har no opna opp for å handsame søknadar om investering fortlaupande uavhengig av produksjon, seier fylkesleiar Anders Felde

Viksdalen Bondelag og Sveio Bondelag er med på dugnaden

Takk til alle lokallaga som hjelper til med å samle inn og rydde plast og anna avfall. Her kan du sjå bilde frå Viksdalen Bondelag og Sveio Bondelag.

Ryddedugnad i heile fylket

Mange av lokallaga har rydda plast og anna avfall denne våren. Her kan du sjå bilde frå Uskedalen Bondelag, Oppstryn Bondelag, Lærdal Bondelag og Voss Bondelag.

- Eg prøver å verdsetje dei små augeblikka

I Stardalen i Sunnfjord bur Marit Flatjord. Ei positiv dame, som set stor pris på det ho har.

Varsel om låg fyking med helikopter

Vi er bedne om å gjere medlemene våre kjende med at det i veke 21, 22 og veke 23 vert lågtfyking med helikopter i store deler av Sogn og Fjordane. det er selskapet Linja som skal ha inspeksjon av høgspentnettet.

Vellukka skulebesøk på Sande og Skei

Nortura, Tine, Felleskjøpet og Bondelaget besøkte i starten av mai elevar ved Sande skule og Skei skule. Målet var å informere om Samvirke, norsk matproduksjon, utdanning og karriere.

- God avtale for Vestlandet

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har blitt einige med Staten om ei jordbruksavtale for 2022 og 2023.

Ryddedugnad i lokallaga

I desse dagar har mange av lokallaga ryddedugnad og ryddar plast i elvar og på land før 17. mai. Selje og Stadlandet Bondelag hadde ein stor dugnad 7. mai.

- No må maktfordelinga i daglegvaresektoren på plass

Høgre, SV, Frp, Venstre, KrF, Raudt og MDG har kome til ei historisk semje om regulering av daglegvarehandelen.

- Eg finn glede i det eg driv med

På Egge i Våtedalen held Vidar Sandal til. Med 140-150 geiter har han travle, men gode dagar.

Teknikkdag for landbruket i Indre Hardanger

Ullensvang Hagebrukslaginviterer til teknikkdag laurdag 28. mai. Fleire maskinfirma er påmelde, og vil visa fram traktorar og maskiner både for fruktdyrking og grasproduksjon i krevjande terreng.

- Eg er klar til å gjere ein innsats

Plast frå landbruket skal ikkje forureine. Det er bonden sitt ansvar å handtere plasten på ein god måte på garden.

Matfest skal vise mangfald og berekraft

Tema for årets matfestival i Bergen er frå jord/sjø til bord. Målet er at Bergen og Vestland skal bli Norges gastronomiske metropol! Vestland Bondelag er med i ei arbeidsgruppe som skal lage Ung Matfest.

Auka matproduksjon og løn til å leva av

- Den norske bonden har over tid hatt lågare inntektsvekst enn andre grupper i arbeidslivet i tillegg til at landbruket no opplever ein kostnadsvekst langt utover det normale. Dette tilseier at vilkåra for landbruket og bøndene våre må styrkast, slik at dei sikrar auka norsk matproduksjon og ei løn å leva av, skriv Voss Heradsstyre innleiingsvis i brev adressert til Landbruks- og Matdepartementet og næringskomiteen på Stortinget.

Ryddesjau i Gloppen

Deler av fylkesstyret vårt stilte sporty opp å laga film om landbruksplast - snurr film.

Jordbruket går i forhandlingar

I går fekk jordbruksorganisasjonane staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane, sjå fylkesleiar Anders Felde kommentere tilbodet her.

Snu-operasjonen i landbruket har starta

Torsdag 5.mai la Staten fram sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Skilnaden er på 2,7 mrd.kr mellom jordbruket sitt krav, og staten sitt tilbod.

Den gode praten kring lunsjbordet

- Mat og prat er ein god kombinasjon, seier leiar i Omvikdalen Bondelag, Øyvind Sandvik i ein kommentar til kvifor dei tidleg i april inviterte varaordføraren og ordføraren i Kvinnherad til ein prat kring lunsjbordet.

Korleis er det å jobbe på ein gard i Jostedalen?

Leiar i Jostedal Bondelag, John G. Sperle, har hatt besøk av elevar som laga film til entreprenørskapsmessa i Luster. Her kan du sjå det fine intervjuet om bondeyrket.

Bonde for ein dag i Fusa

Etter to års pause kunne Fusa Bondelag endeleg invitere 4. klassingane til å vere bonde for ein dag.

- Landbruket la fram eit fantastisk godt krav til staten

Bondeorganisasjoneane sitt krav har ei økonomisk ramme på 11,567 mrd. inkludert kostnadskompensasjon i 2022. Sjå Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag, kommentere kravet her.

- Ein avgjerande snuoperasjon

Bondeorganisasjoneane sitt krav har ei økonomisk ramme på 11,567 mrd. inkludert kostnadskompensasjon i 2022. Dette gir eit løft i inntektene på kr. 125 300 pr årsverk, og dette tettar inntektsgapet mot andre grupper med kr. 100 000,-. Dette viser at vi har bondeorganisasjonar som verkeleg forstår alvoret i norsk matproduksjon.

Ynskjer du å arrangere Open Gard i år?

Fristen for å melde inn Open Gard arrangement er laurdag 30.april.

Innbyding: Teknoløft innan frukt- og bærproduksjonen

- Vi ser for oss at den neste jordbruksrevolusjonen vil ha integrerte sensor- og aktueringssystem med ulik grad av autonomi, som  informerer, supplerer og arbeider saman med menneskeleg arbeidskraft skriv kunnskapsparken Vestland i si innbyding til arbeidsseminar på tema teknologiutvikling innan frukt- og bærnæringa

Dramatisk inntektssvikt for bøndene

- Det er alarmerande for norsk matproduksjon, seier fylkesleiar Anders Felde.

God påske

Påsken har starta for fleire, og Vestland Bondelag vil dei neste dagane gje dykk både påskehelsingar, og påskequiz frå medlemmer i fylkesstyret.

Flaks at da var ein bonde som fann meg

- Eg er utdanna førskulelærar og har ikkje oppvekst eller utdanning innan landbruk å vise til, men interessa har alltid vore der, så då var det flaks for meg at da var ein kjekke bonde å gifte seg med, seier nyvald 3. vara til fylkesstyret Grethe Monica Haug frå Voss

Vellukka skulebesøk i Førde

Måndag 28.mars besøkte Nortura, Tine, Felleskjøpet Agri og Vestland Bondelag 9.klasse på Halbrend skule i Førde.

Kort veg til vervet i fylkesstyret

- Eg er rik på organisasjonserfaring, men livet som tillitsvald i Bondelaget har vore kort, seier nyvald styremedlem i Vestland Bondelag Gjertrud Svartveit Osmundsen.

Angrar ikkje

- Eg har aldri angra på at eg bygde flisfyrt varmeanlegg på garden for kring 10 år sidan sa Torbjørn Strand på fagdag om Gardsvarmeanlegg i Fjaler i går.

Hadde eigentleg planlagt å arbeide i finansdepartementet - Vart gard i Skjolden i staden

- Eg er jammen glad eg ikkje jobbar i finansdepartemetet i desse dagar, seier nyvald styremedlem i Vestland Bondelag Andreas Wiese

Vik Bondelag orienterte kommunestyret

- Det er godt å sjå at politikarane er interesserte, engasjerte og synleg set pris på innleiinga som eg hadde i kommunestyret sist veke, seier leiar i Vik Bondelag Jo Risløw.

Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr rentefritt lån

- Dette er eigentleg noko vi håpar færrast mogleg har trong for, men det er eit svært viktig tiltak for dei som står i ein vanskeleg situasjon grunna den eksplosive kostnadsveksten vi ser, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde

Glimt frå markeringa på Byrkjelo

Fredag 18.mars vart det arrangert ei god og viktig markering til støtte for Ukraina. Rørande engasjement, sjå den heilt spesielle videoen her.

Vossestrand Bondelag er årets lokallag

Vi gratulerar Vossestrand Bondelag som vart kåra til årets lokallag under årsmøtet

På tide at det kjem ei endring

- Det er ikkje rett at grunneigarane skal betale kostnadene ved viltpåkøyrslar gjennom fellingsavgifta. Det er på høg tid at det kjem ei endring, sa landbrukssjef i Kinn kommune Jon Anders Stavang i si innleiing på viltwebinaret sist veke.

Auka norsk matproduksjon - vår beste beredskap

- Ein løpande norsk matproduksjon er den beste beredskapen Norge kan ha. Vi kan oppretthalde og auke norsk matproduksjon i den situasjonen vi er no om det er politiske vilje til det, heiter det i ei fråsegn frå årsmøtet i Vestland Bondelag.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere