I ein e-post til fylkeslaget vert vi bedne om å gjere medlemene våre merksame på følgjande:

Linja skal ha inspeksjon av høgspentnettet i veke 21 og veke 22. ( 23. mai til 3. juni)  Dette vert gjort med helikopter og gjeld områda Bremanger (sørsida av Nordfjorden), Askvoll, Selje og Nordre Kinn).   Det vert og inspeksjon på regionalnettet som dekkar store områder i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

Helikopteret har låg høgde og sakte fart, og dette vil kunne medføre støy.

Har nokon kommentarar eller spørsmål til dette, er det fint om dei kontaktar Linja sitt kundesenter på tlf 57 88 48 50 eller e-post: kundesenter@linja.no.   Vi vil tilrå at de som eventuelt har dyr på beite om å kontakte selskapet for å drøfte korleis tilsyn av liner kan skje der beitedyra går. 

Meir informasjon finn du HER

(Illustrasjonsfoto lånt frå Trøndelag Bondelag)