STOLT BONDE: Marit Flatjord.

 

- Eg har vore bonde sidan 1992. Det starta med nyttårsorkanen, og mi første oppgåve vart å skaffe agregat. Me var straumlause. Eg hugsar det endå godt.

I fagre Stardalen møter Vestland Bondelag Marit Flatjord. Ei positiv dame, som tek oss varmt i mot. Praten går om laust og fast.

- Eg og søstra mi var med på gardsdrifta frå vi var små. Søstra mi var meir interessert i å køyre traktor enn meg, ler Flatjord.

Likevel var det Marit som overtok slektsgarden. Minna er mange. Det har vore ei rivande utvilkling i landbruket. Ei utvikling som Flatjord har fått vere med på.

- Då eg var liten var alt meir tungdrive.  Eg hugsar me hadde siloane midt inne i fjøsen. Far sto i botn, og heiv opp fôr gjennom luka. Det er ikkje så rart at helsa svikta hjå fleire bønder då dei kom litt opp i åra.

 

Endringar på garden

FIN GJENG: I den gamle kyrafjøsen bur det no sauer. Siloane som før var midt inne i fjøset er vekke, og det er lagt plater over.

 

- Den gamle kyrafjøsen heime er bygd om til sau. I år hadde eg 23 som skulle lambe.

I tillegg er Flatjord med i ei samdrift. Dei er fem eigarar, men tre som driv. Kvoten er på 500 000 liter i året.

- Me brukar å ha rundt 130 dyr totalt i fjøsen. Vi sel alle oksekalvane frå dei er rundt seks veker. Vi har kun hodyr når dei blir større.

Det å bygge samdriftsfjøsen i 2013 var ei stor endring. I tillegg var det ei omstilling å gå frå båsfjøs til lausdrift.

- Det å bevege seg inne med dyr som er lause, krev at eg er tilstades heile tida. På den måten  blir eg ikkje overraska over noko. Likevel kan ting skje. Dyr kan vere sure. Det har eg opplevd, at ei ku er sur.

Korleis oppfører ho seg då?

-Då kan ho kome etter meg. Skubbar i meg med hovudet. Andre tider ser eg ho ikkje i det heile. Kyr har sine personlegheiter.

 

Gode år å sjå tilbake på

EIN FLOTT PLASS Å BU: Stardalen er ein trygg og god stad å vere.

 

Marit har engasjert seg aktivt i både Bygdekvinnelaget, og Bondelaget. Ein periode sat ho som nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Likevel var det ikkje gitt at det var bonde ho skulle bli.

- Eg tok artium på språklinja. Det var vel eigentleg på gymnaset eg bestemte meg, seier ho.

Deretter reiste Marit til Mo og tok agroteknikk-utdanning. Planen vidare var å ta regneskapsutdanning, men livet ville det annleis. 

- Eg var byrja på Langvin, då eg oppdaga at eg var gravid. Dermed gjekk eg eit halvt år, før det vart familieliv. Eg og mannen min bygde oss hus heime på garden.

Medan mannen var i full jobb utanfor garden, var Marit mest heime. Med tida fekk dei tre born, og Marit byrja i tillegg å jobbe på Stardalen Sommarkafe.

- Kafeen starta i 1988. Den gong flytta me inn i helgane, og rydda opp etter oss på søndagskvelden. Barnehagen hadde same lokale, og alt måtte vere klart til dei kom måndagmorgon.

Dette var ikkje ei optimal løysing, om dei skulle vidareutvikle kafedrifta. Det vart bygd nytt lokale. Eit framtidsretta lokale.

- Huset til Stardalen Sommarkafe vart bygd i 1995, og her er me endå. No er eg med å hjelper til når dei treng det, det er ein kjekk stad å vere.

 

Får ro i sjela

BEFRINGSDALEN: I denne dalen ligg stølen til Marit, Flatjordstøylen.

 

Marit er ei travel dame, med mange jern i elden. Då er det godt å ha ein fristad. Ein plass med ro. Ein stad ein kan samle tankane.

- Når eg skal slappe av går eg aller helst på støylen. Den ligg i Befringsdalen. Vi har eit gamalt sel, og der kan eg slappe av. Eg syns det er veldig fint å vere der.

Marit fortel at det er dårleg mobildekning, og at det er endå litt enklare å senke skuldrane då.

- Me har også alle ungdyra på sommarbeite her. Dei skal me også sjå til, sjølv om dei går med gps. Det er viktig å sjå til dei, eg må vite at dei er friske og har det bra.

Marit er glad i å gå på fjellet, og er oppteken av å setje pris på det ho har.

- Eg syns livet er godt. Eg prøver å verdsetje alle dei små augeblikka.