Den engasjerte lokallagsleiaren hadde eit god og grudig innleiing for medlemene i kommunestyret, som svarte med å vere både lyttande og engasjerte.  Politikarane sine spørsmål og kommentarar viste tydeleg at dei er interesserte i tema og takknemlege for innleiinga og oppdateringa.     

Leiar Jo Risløw ved starten av sitt innlegg.

Politikarane fekk høyre om aktivitetane til bondelaget og om eit allsidig landbruk med ulike produksjonar.   Det vart mellom anna synleggjort korleis landbruket i Vik utviklar seg til færre og større einingar og kva konsekvensar det kan få.

Risløw kom også inn på viktige tema som jordvern, sjølvforsyning, matvareberedskap og klimaarbeidet.

 

 

Fylkeslaget applauderer Vik Bondelag sitt arbeid i møte med sine næraste politikarar og oppmodar alle andre lokallag om å gjere noko liknande.