Saman med familien kjøpte han gard på den opne marknaden i 2011.  Valet fall på ein gard i Skjolden inst i Sognefjorden i Luster kommune.  Omkransa av høge fjell og noko av Noreg sin vakrast natur fann dei draumeplassen.  Familien ynskte ein gard med moglegheit for stølsdrift og fruktdyrking.  Det fann dei i Luster.  Mykje måtte lærast  og prøvast. Mjølkegeit har vore hovudproduksjonen på garden sidan 2011 med aktiv stølsdrift på to støylar i sommarhalvåret.  Elles er det ein liten frukthage, 70 høner og nokon slaktegrisar på friland.  Familien har også prøvd ut mjølkeku, sau og ammeku, men trivst best med drift som er tilpassa ressursgrunnlaget som garden rår over.   Andreas er gift og har 4 born.  Han driv garden åleine med hjelp av 2 gode avløysarar.

Som innflyttarar i eit klyngetun på Skjolden vart det godt å møte gode naboar som tydeleg sette pris på å få familiefolk i nabohuset.  Da betyr mykje når menneske flyttar til bygder i utkantane våre.  Du kan bidra og du vert synleg på ein heilt annan måte enn i byen, seier Wiese. 

Bilete: Mørkridsdalen sett mot sør.  Bilete er teke ved Drivande Foss.  Andreas Wiese bur lengst mot sør litt t.h. i bilete.  Der har han utsikt mot Skjolden sentrum og Lustrafjorden med fjellet Molden midt mot. 

Da finaste med bygda mi, garden og yrket

- Eg likar alt! Fjøsen frå 1870, husa, klyngjetunet, utsikten, stølane, hagen og moglegheiten til berekraftig gardsdrift. Bygda har eit fantastisk tilbod av fritidsaktivitetar i tillegg til naudsynt infrastruktur som barneskule, barnehage, hotell og butikk. Det er ein klisje, men det er heilt utruleg meiningsfylt å kunne produsere mat, skriv Arndreas Wiese når vi spør han om kva han tykkjer er det finaste med Skjolden. 

Kvifor takke ja til tillistverv

Andreas er leiar i Luster bondelag og no også styremedlem i Vestland Bondelag.  Han likar utfordringar og ser det som både artig og viktig å få arbeide for utvikling av landbruket i Vestland.  Me har ein del driftsulemper i vårt fylke, men dei er samstundes moglegheiter, og faktisk avgjerande for ei berekraftig utvikling av landbruket.  Wiese siktar då til alle dei store utmarksressursane som bøndene i Vestland rår over. 

Engasjement skapar levande bygder og levande bygder skapar engasjement

Engasjementet blømer mest når eg møter bønder som har laga seg gode produksjonsmiljø i si bygd eller grend.  Det er saman med andre at idear kjem til, meiningar brytast og utvikling kan skje.  

Landbruksminister for ein dag

- Om eg hadde fått vore landbruks- og matminister for ein dag hadde eg først og fremst ikkje nølt eitt sekund!  Då hadde eg vore handlekraftig og lagt om bruken av budsjettmidlane, slik at me som bønder ville bli premiert for optimal drift innan dei ressursane som tilhøyrer gardsbruket!  


Bilete: Kartutsnitt som syner kvar Skjolden ligg indst i Lustrafjorden