Dei kring 15 deltakarane fekk først ei orientering frå prosjektleiar Karl Ludvig Ådland i CH4 Engineering og frå Åge Bremer som arbeider i Innovasjon Norge.  Merete Støfring frå Bondelaget deltok med kort betraktning kring klima, inntekt og kostnadsvekst i ei uføreseieleg tid.   Leiar i Fjaler Skogeigarlag, Kjartan Åsnes, var møteleiar for fagdagen. 

Innovasjon Norge sine løyvingar for 2022 er brukt opp

Ei sterk auka interesse for å produsere varme og fornybar energi på garden gjer at Innovasjon Norge si ordning; Fornybar energi i Landbruket,  som er tiltenkt føremålet er brukt opp for 2022.  Totalt har dei fått inn 550 søknader. Av desse er berre kring 25 søknader frå Vestland. Det er særleg interessa for solenergi som har vore stor innan denne nasjonale ordninga i 2022.  110 millionar kroner syner seg å vere ein altfor liten pott i høve investeringslysta, sa Bremer. 

Gardsbesøk - Gardsvarme i praksis

Sidan tok Torbjørn Strand over med ei kort orientering etterfølgd av tur til garden med diskusjon og erfaringsutveksling kring den løysinga som dei har vald å bruke på sin gard.  På garden driv dei med både mjølkeproduksjon og svineproduksjon, slik at energitrongen til oppvarming er på kring 120.000 kwh pr. år.  

Siloen der flis vert tømt  og gradvis mata inn til brennkammeret før produktet varme går vegen via akkumuleringkammer og sidan ut til bygningane på garden via isolerte rørsytem som er gravde ned i bakken.

Etter forbrenning ligg vert det noko oske som går ut i eigne oskeskuffer.  Oska er svært fin og det vert ikkje store mengder.  Kring 300 meter frå garden er det bygt kombinert reiskapshus, tømmerlager og flislager.  Tømmeret vert tørka i heil stokk før det vert flisa opp. 

Her på NIBIO sine sider finn du nyttig kunnskap om flisfyring