Framsteg i robotikk, stordata, samt plantevitskap og teknologi, har potensiale til å gjere betre dyrkingssystem for frukt- og bærproduksjon mogleg.    Vestlandet ligg langt framme i frukt- og bærproduksjon nasjonalt med sine regionspesifikke fortrinn – men har og nokre utfordringar.   

Vi ser for oss at den neste jordbruksrevolusjonen vil ha integrerte sensor- og aktueringssystem med ulik grad av autonomi, som informerer, supplerer og arbeider saman med menneskeleg arbeidskraft. Desse systema vil gje fordelar i form av redusert miljøpåverknad, betre kvalitetskontroll, lågare lønnskostnader, redusert produksjonsavfall og meir effektive verdikjeder skriv kunnskapsparken Vestland i si innbyding til arbeidsseminar.

For å utforske dagens status for slike teknologiar, og spesielt relevansen for Vestlandsdyrkarar, ønskjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking i samarbeid med lokal industri, deg velkommen til å vere med på ein to-dagars workshop i Leikanger og Lærdal. Workshopen er organisert gjennom Teknoløft Sogn og Fjordane.

Seminaret skal vere den 24. mai på Leikanger og den 25. mai i Lærdal.

Innbydinga i PDF versjon

Du kan melde deg på HER;