Oddbjørn BrattholeDet var ein spesiell situasjon i 2021, der mange av lokallaga ikkje fekk gjennomført planlagte aktivitetar. Vossestrand Bondelag fekk til mykje til tross for pandemien, og vart kåra til årets lokallag 2021. Dei får 5000 kroner og ein middag med fylkesstyret.

Leiar Oddbjørn Bratthole tok i mot premien under åarmøtemiddagen.

Nokre av aktivitetane i laget var medlemsverving, politikarkontakt, studiering, innsamling av jern og farlig avfall og samarbeid med 4H. Laget deltok i både kampanje før jordbruksforhandlingane og aksjonar då det vart brot. I kampanjen kjøpte dei drivhus, frø og jord og delte det ut til barnehagaene i området. Dei fekk også infomatriell om kvar maten kjem ifrå.

Dei beste vervarane var også kåra, det vart premier til lokallaga som hadde fått flest nye medlemer og prosentvis størst vekst.

Flest nye medlemer:

1.  Gloppen Bondelag, 5000 kr
2. Voss Bondelag, 2500 kr
3. Austrheim og Lindås Bondelag 1500 kr

Prosentvis størst vekst:

1. Austrheim/Lindås Bondelag, 5000 kr
2. Uskedalen Bondelag og Norddalsfjord Bondelag, 2500 kr

Takk for god verveinnsats!