Dette har dessverre si årsak i stor svikt på søknader knytt til ombygging frå båsfjøs til lausdrift, held Felde fram.  Partnerskapen, der representantar frå bondeorganisasjonane, innovasjon Norge, fylkeskommunen og Statsforvalteren sit er difor samde om å ikkje lenger halde på prosentvis prioritering av potten til ulike produksjonar, men handsame søknadene fortlaupande uavhengig av produksjon.   Dette er naudsynt for å sikre at investeringsverkemidlane vert brukt opp seier Felde.

I jordbruksoppgjeret for 2022 er rammevilkåra for å kunne investere sterkt betra med auka prosent til 40 og maksimalt tak på 3,5 millionar.  Det er heilt naudsynt for å kunne snu trenden for investeringar innan mjølkeproduksjonen.   Dei vilkåra vil ikkje gjelde før frå 2023.  Ideelt sett burde det vore mogleg å teke dei i bruk frå 1. juli, men slik er dessverre ikkje regelverket seier Felde.  

Dagens prosentsats på 35 og maksimalt tak 2,4 millionar om du byggjer i tre er ikkje godt nok til at mange nok av mjølkebøndene vel å investere for framtida.  Det er svært alvorleg held Felde fram. 

På Innovasjon Norge sine sider finn du gjeldande regelverk for å investeringsverkemiddel i landbruket