Det var eit yrande liv i vårsola 22. mai på Lygra. Då arrangerte Alversund og Seim Bondelag Open Gard i samarbeid med Lyngheisenteret, Magnusgarden og Johan og Anita Lygre.

I stålande fint vêr fekk rundt 600 besøkande ein smakebit av gardslivet. Dei fekk helse på både geiter, sau og kalvar. Barna fekk ri på hest og ta traktorlappen, og i floren til Johan og Anita fekk dei helse på raudkollene på Lygra, sjå angorakanin og ender.

Nortura og Tine var med oss heile dagen.

Bilde og tekst: Alversund og Seim Bondelag ved leiar Jan Otto Pletten.

Olav Feste Pletten fekk ri på hesten til Unni Carina

Ingeborg Feste Pletten fekk vere med og klappe hesten

Barna fekk lage fuglekasse

Lokallagsleiar Jan Otto Pletten