Vidare la Peder vekt på at grunnmuren i form av politiske verkemiddel må vere på plass og sikra slik at det i størst mogleg grad vert føreseielege driftsvilkår.  - Vi er avhengig av at føresetnadane for inntektsmoglegheitene held seg over tid.  Dei er produksjonsreguleringane våre, målprisordningane, bruk av tilskot med struktur, kvotar i mjølkeproduksjonen, konsesjonsgrenser, soneinndelingane for geografisk utjamning, eigedomslovgivning, tollvern også vidare. Utforming av ordningane våre, storleiken på tilskota, kva målprisane skal vere,  altså innhaldet i politikken forhandler vi om den til ei kvar tid sitjande regjering med.  Akkurat no har vi ei samansetning av stortinget og ei regjering som er villige til å satse på, regulere og bruke pengar på jordbruket for å oppnå måla i jordbrukspolitikken om auka sjølvforsyning gjennom matproduksjon på norske ressursar spredt i heile landet. MEN vi må sikre at det er ein så stor som mogleg tverrpolitisk aksept for at desse målsetningane og ordningane skal ligge fast over tid.  Det er svært viktig at vi får bønder til å satse på matproduksjon over heile landet men dei må ikkje risikere at grunnlaget vert rive vekk under dei etter nokon år. Det hjelper ikkje med nye lausdriftsfjøs på små og mellomstore bruk i distrikta om ein risikerer å vere eit stortingsvalg unna at mjølkekvotane, marknadsordningane og tollvernet forsvinn, held Peder fram.

Utviklinga illustrert med eit konkret døme

På bildet her ser vi eit flyfoto av garden min. Her produserer eg ca 200 000 liter mjølk kvart år. Eg har prøvd å henge med i utviklinga. Arealgrunnlaget på eigen gard er forholdsvis skrint med 60 mål innmark. Til saman driv eg 197,5 daa fordelt på 19 skifter på ca 10 daa i snitt. Forholdsvis tungvint opplegg der eg har ansvar for dyra døgnet rundt og strengt teke arbeider litt fleire timar enn eg bør og sit igjen med mykje lågare inntekt enn eg treng. På bildet her ser ein og eit par av dei andre alternativa eg har. Eg driv eit sagbruk der prisane er gode, investeringane mindre og eg kan ta ut ei ok løn. Og når arbeidsdagen er slutt skjer det ingenting der før neste dag. Siste alternativ er den kaien de ser på enden av vegen. Der leiger eg ut kaifeste til Mowi som frakter ansette til settefiskanlegget på Varaldsøy, ei av vuggene til oppdrettsnæringa. Der kan eg gå ned og få ei god løn, føreseielege arbeidstider,ferie, fritid og pensjon. Dersom eg og andre også i framtida skal velge jord, fjøs og matproduksjon på norske ressursar er vi avhengig av at også den politiske risikoen vert redusert så mykje som mogleg.

Bilete: Kart som synleggjering av poenga i innlegget til Peder Nernæs

Det meste heilskaplege uttrykket for stortingets vilje i jordbrukspolitikken er den til ei kvar tid gjeldande landbruksmelding. Forrige landbruksmelding vart vedteke etter ein kjempestor jobb frå blant anna bondelaget for å få gjennom store endringar frå slik den vart føreslege frå då sitjande regjering.  Den inneheld gode målsetningar men tek ikkje inn i seg dagens situasjon, den inneheld ikkje det nye inntektsmålet og den har ikkje tverrpolitisk støtte. I oktober kjem Grytten-utvalet med sin rapport som skal legge grunnlaget for korleis bonden si inntekt skal bereknast i framtida. Vi bør arbeide for at det i denne perioden vert vedteke ei ny landbruksmelding som stadfestar inntektsmålet, korleis inntektsberekninga skal gjerast, kva som skal vere dei øvrige måla for jordbrukspolitikken og kva som skal vere grunnmuren av ordningar for å sikre måloppnåing, sa Peder Nernæs avslutningsvis.