LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Svak økonomi over tid, kombinert med ein særs stor kostnadsvekst siste året har ført til at mange bønder har vurdert å legge ned matproduksjonen. Kravet frå bondeorganisasjonane gir framtidsutsikter for norsk matproduksjon og for den norske bonden.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag. Onsdag 27.april leverte landbruket sitt krav til staten, no er jordbruksforhandlingane i gang.

- Sau, ammeku og korn har vore produksjonar med låg inntekt, og kravet prioriterer desse produksjonane tydeleg. Det er gledeleg at sauen blir løfta godt i inntekt, og at vi også gir eit løft på den aukande ammekuproduksjonen i fylket. Spesielt kjekt er det å sjå at vi no prøvar å få til eit eige industribærtilskot, som vil sikre den store bringebærproduksjonen i fylket. Kravet har også ei klar prioritering av den aktive bonden og på mjølk gir ein betydeleg vekst i driftstilskotet verkeleg eit løft i inntektene frå små og mellomstore mjølkebruk.

 

Betre verkemiddel grunna historisk høg kostnadsvekst

- Kostnadsveksten har siste tida vore heilt enorm, fortel Felde.

Som ein del av utbetalinga føreslår jordbruket ein eigen ordning for å kompensere for dei høge gjødselkostnadane.

- Når det gjeld kostnadskompensasjon på gjødsel so tek vi til orde for ei målretta ordning der vi i praksis innfører ein makspris på gjødsel ved at ein etablerer ei søknadsordning der ein må sende inn faktura på gjødsel kjøp.

Det er også meir i kravet som gler fylkesleiaren i Vestland.

- Innføring av trappetrinn på tilskot er noko som prioriterer meir marginale områder og bidreg til ei betre framtid for små og mellomstore bruk. Dette er ei viktig retningsendring i landbrukspolitikken. Det er også gledeleg at det blir teke til orde for å doble tilskota til fjøsbygging for dei som skal gå frå båsfjøs til lausdrift, samtidig med at det blir lagt til rette for ei større nasjonal satsing på grøntsektoren.

 

Forventar at regjeringa leverer

- Regjeringa har sjølv lova å tette inntektsgapet mot andre grupper. I fjor vart det ikkje forhandlingar i det heile og då var tilbodet kronemessig lik inntektsutvikling med andre grupper. Eg trur ikkje det vil bli forhandlingar i år heller, dersom ikkje regjeringa startar å tette inntektsgapet allereie i tilbodet.

No håpar Felde at staten kjem landbruket sitt krav i møte.

- No er det opp til  regjeringa å levere varene, avsluttar han.

 

Tilbodet frå staten kjem onsdag 4.mai.

 

 

Her er hovudgrepa i jordbruket sitt krav

  • Eit kraftig inntektsløft som betydeleg reduserer gapet mellom bonden og andre grupper i samfunnet.
  • Utbetaling av full kostnadskompensasjon i 2022 som inkluderer ei målretta ordning for kompensasjon av auka gjødselkostnadar.
  • Full kostnadsdekning i 2023.
  • Styrkar kornproduksjonen gjennom kraftig auke av målprisen for korn. Det vil redusere importavhengigheita.
  • Prioriterer sau og ammeku særskilt, blant annet gjennom nytt driftstilskot for sau, nytt tilskot til ku med kalv på beite og auke tilskot til drift, areal, husdyr og beite.
  • Styrke tilskot til alle produksjonar.
  • Betre velferdsordningane ved å auke tilskota til avløysing ved sjukdom, ferie og fritid og utvide avløysarordninga ved sjukt barn.
  • Styrke klimaarbeidet gjennom satsing på mellom anna fornybar energi, gratis klimarådgjeving til alle bønder, og utvikling av Landbruket sin klimakalkulator
  • Etablere nytt dyrevelferdstilskot for dei som er med i Dyrevelferdsprogram.

 

 

Fakta om den økonomiske ramma

Samla krav for 2022 og 2023 er på 11,5 mrd.kr.

Jordbruket krev ein samla kostnadskompensasjon på 2,4 mrd.kr. for 2021/2022, og at den vert utbetalt så raskt som mogeleg i år.

Ramma på kravet for 2023 er 9,16 mrd.kr., der 5,6 mrd.kr. er kostnadsdekning, og øvre sum går til inntektsauke. Det vil gje ein samla inntektsvekst på 125.300 kr per årsverk, og av dette går 100.000 kr per årsverk til å tette gapet mellom bonden og andre grupper.

Kravet vert finansiert med auka målprisar på totalt 1,5 mrd.kr. (der 673 mill.kr. til kostnadskompensasjon) og budsjettoverføringar 8,1 mrd kroner. Jordbruksfrådraget utgjer 228 mill.kr.