Voss Herad er ein av dei største landbrukskommunane på Vestlandet og Heradsstyret finn det difor som sjølvsagt at dei skal engasjere seg i vilkåra for å kunne utvikle landbruket i kommunen i positiv retning. Difor var den ekstraordinære situasjonen i landbruket sett på dagsorden i Heradsstyret torsdag den 5. mai.

Vidare i brevet frå Heradsstyret skriv dei:

Landbruket er ei svært viktig næring i Voss herad, og som landbrukskommune kan me ikkje sitja stille og sjå på at det eine bruket etter det andre står i fare for å bli lagt ned. Over tid har me sett ein dramatisk nedgang i tal tilsette innan landbruket og tal bruk vert redusert år for år.

Me meiner det er ei rekke gode argument for at staten denne gongen verkeleg stiller opp for bøndene våre: Den usikre situasjonen i verda tilseier at norsk sjølvforsyning og mattryggleik må styrkast. Å støtta bøndene vil vera eit samfunnstiltak for alle. Den tronge arbeidsmarknaden tilseier at bøndene må få vilkår som gjer det attraktivt å vera bonde i framtida. Kostnadsauke på straum, kraftfor, gjødsel og andre innsatsfaktorar tilseier at staten må stilla opp. Som alle andre grupper må bøndene ha ei løn å leva av og akseptable arbeidsvilkår. Inntektsgapet mellom dei som jobbar i landbruket og resten av samfunnet må tettast og gjennomføringstakten for dette tiltaket må prioriterast.

I år som i fjor ser me at landbruket er under sterkt press. Me må no få ein politikk som konsekvent byggjer på det landet me er og den naturen me har. Noreg er fjord og fjell og små jordlappar som ligg spreidd i distrikta. All jorda og alle beiteressursane må nyttast dersom me skal trygga innbyggjarane gjennom betre sjølvforsyning av mat produsert på norske naturressursar. Beiting er og særleg viktig for å ta i bruk dei ressursane me rår over og for å styrka norsk kulturlandskap. Me må med andre ord ha fleire, ikkje færre, matprodusentar. Me må ha ein landbrukspolitikk for dei mange, ikkje for dei få. Me må no fokusera meir på dei som skal inn, enn dei som skal ut av norsk landbruk! Norsk matproduksjon reduserer og trongen for import, noko som er bra for ei rettvis fordeling av ressursane i heile verda.

Voss herad støttar landbruksnæringa sine krav om inntektsløft og kostnadskompensasjon. Berre ved å gjera det attraktivt å vera bonde kan me sikra rekruttering og framtida for norsk matproduksjon.

- Vi i Vestland Bondelag er svært glade for at vi har lokale politikarar som kjenner næringa og som engasjerer seg på vegne av landbruket, seier fylkesleiar Anders Felde.  Voss Herad fortener ros for engasjementet.  Vi forventar at Regjeringa og Stortinget også tek landbruket på alvor og tek jobben med å tette inntektsgapet.  For landbruket i kommunar som Voss med mange husdyr og først og fremst beitedyr,  er det avgjerande med ei sterk styrking av økonomien i desse arbeidskrevjande husdyrproduksjonane, avsluttar Felde.

Brev frå Voss Heradsstyre