Eit titals hjortedyr vert påkøyrt kvar dag i Norge, mange dyr døyr i kollisjonen og mange vert lemlesta.  Stavang påstod i sitt innlegg at varslingstenesta i vårt distrikt er blitt nedprioritert.  Det er berre for nye vegar som har finasiering til å førebygge viltpåkøyrslar.  Utan endirngar vil lidingane på eksisterande vegnett halde fram, sa ein tydeleg landbrukssjef.

Med stadig fleire køyrety, stadig meir veg og aukande tal vilt vil det truleg verte verre.  Det er også skremmande at mange ikkje melder frå når dei køyrer på vilt sa Jon anders Stavang og synte til eit nyleg tilfelle i sin kommune.

Det er kommunane som har ansvaret for å gjennomføre ettersøk etter påkøyrt vilt.  Dette vert i stadig større grad finansiert med viltfondsmidlar (fellingsavgifta).  Viltfondet treng eigentleg kommunane til å forbetre hjorteforvaltninga, auka kompetansen hjå jegerane og grunneigarane, og redusere viltskader på innmark.  Dette arbeidet vert nedprioritert utan midlar.

Førebyggjing og endringsvilje må til

Stavang meiner det hastar med å få på plass ei ny ordning.   Det kan ikkje vere slik at hjortejegeren på Skorpa må betale for viltpåkøyrsel i Brandsøy.

 

 

 

 

Heile det konkrete og interessante innlegg til landbrukssjefen i Kinn kommune; Jon Anders Stavang kan du sjå HER

Dei andre innlegga på viltwebinara vert lagt ut på denne sida etterkvart som dei er klare.