Bonde for ein dag i Fusa

Etter to års pause kunne Fusa Bondelag endeleg invitere 4. klassingane til å vere bonde for ein dag.
Fjerdeklassingane i tidlegare Fusa kommune fekk omvising og traktortur på Strandvik Mjølk. Bøndene hadde laga eit pedagogisk opplegg der elevane fekk lære om dei ulike dyreslaga og prøve seg på fjøstell. Dyra var eit populært innslag, og elevane fekk helse på kyr og kalver og klappe sauer og lam.
Nortura sponsa arrangementet med grillmat, og alle elevane fekk drikkeflaske frå Felleskjøpet.
Alle bilde: Fusa Bondelag
