Fredag den 13. fylte Viksdalen Bondelag ein container med landbruksplast. - Vi har meir plast liggande, så vi lyt nok fylle ein til etter helga, sa leiar Erlend Brede Fossen. - Vi hadde organisert det slik at det var mogeleg å levere plast i tre timar. Plasten blei kontrollert, og vi kunne sjå at nokon har gått i same skule som fylkesleiar Anders Felde i plastsorteringsfilmen. Heldigvis har dei fleste same holdning til sortering som som varamann Nils magne Gjengedal, og det gjer det mykje lettare.

Du kan sjå filmen med Anders og Nils Magne her: Ryddesjau i Gloppen.

Viksdalen Bondelag er eit av seks lokallag i Sunnfjord kommune, og har 69 medlemer.

 

 

Sveio Bondelag hadde ryddedag 14.mai. Dei høyrer heime i Sveio kommune sør i Vestland, og har 104 medlemer. Leiar Gjertrud Svartveit Osmundsen har sendt oss bilde frå dugnaden.