Med mellom anna 6 år som medlem i Rådet i Tine som ballast tok ho over leiarvervet i Sveio Bondelag i oktober 2021.  I mars 2022 vart ho vald til inn som ny styremedlem i Vestland Bondelag.  Da må vel seiast å vere ei lynkarriere innan Bondelaget.  På Nordskog i Sveio driv ho mjølkeproduksjon i samdrift og i tillegg har ho slaktegris og er starta med ammeku på rasen Vestlandsk Fjordfe. 

 

E-post intervjuet med Gjertrud

Kva styrer Gjertrud med nett no siste onsdagen i mars?

- Er ferdig med å kjøre skit, så då måtte me få gjort siste rest i opp pussing av badet i bustadhuset.  Ellers har eg ein liten hobby på sida av mjølkeproduksjonen på NRF.  Eg har nokon få kyr av rasen med Vestlands fjordfe, og der har eg akkurat fått 2 kalvar og venter ein til.

 Kvifor hamna Gjertrud som bonde i Sveio?

- Der eg driv gard er heimagarden min der eg vaks opp. Far min kjøpte gard på det opne markedet i 1972, så eg er 2. generasjon på garden.  Eg er eldst av 2 søsken så eg hadde odel og i tillegg var ikkje bror min særlig interessert i gardsarbeid.   Han valde bakeryrket i staden.

 Flottaste med garden, plassen og yrket?

Alle er vel som meg der vi alle synst vi kjem får den finaste plass på jord! 

Her er godt med luft, passe avstand til gode naboer. Garden er fortsatt under utvikling og har både plass og areal i forhold til dyrking og eventuelt starte med tilleggsnæringer. Far min dreiv med mjølk i båsfjos. Eg har bygd til robot og mjølkeku, bygd om gamle kufjos til slaktegris, og såvidt starta litt med ammeku på Vestlandsk Fjordfe.  Neste generasjon står på trappa og er klar til og overta og garden har fortsatt potensiale til ny utvikling. Det er jo det som er det spennande med yrket som bonde. Kvar generasjon kan sette sitt preg på garden og utvikle den i den retninga ein synes er mest givande.

Foto: Gjertrud trivst godt i fjøsen saman med kyrne. Foto: Torstein Tysvær Nymoen, avisa Vestavind.

 Kvifor takke ja til verv?

Eg har heilt sidan eg vart bonde i 1998 vore engasjert i organisasjonsarbeid, mest i Tine og Geno. Dette har vore veldig givande og utviklande. Då eg gjekk ut frå Tine våren 2021 hadde eg ingen planer om nye verv, men då eg blei spurt i haust om eg kunne gå inn lokalt og spesielt engasjere meg i fylkesbyttesaka i kommunen, slik at vi fortsatt skulle vere ein del av Vestland synes dette var ei så viktig sak at eg ikkje kunne seie nei. Spørsmålet om å gå inn i fylkesstyret kom litt overraskande siden eg ikkje har erfaring frå bondelaget, men eg synnes det høyrtes spennande ut. Så eg ser fram til å lære og engasjere meg meir politisk, då eg til no berre har hatt verv i samvirke og dermed forretningsdelen til bonden.

 Kva får engasjementet til å bløme hos dama frå Sveio?

David mot Goliat passe vel godt her.   - Eg blir svært engasjert viss eg føler at det er urettferdighet i forhold til den store/mektige mot den lille/svake part i saker.  Dette passer forsåvidt godt med bondelaget og at vi nå verkeleg trenger eit løft.

 Landbruksminister for ein dag, kva ville Gjertrud stelt i stand då?

Då ville eg gjort noko med velferdsordingane. Avløysartilskotet skulle vore regulert etter gjennomsnittleg lønsauke, slik at bonden får like menge fritimar kvart år, ikkje færre fordi løna aukar meir enn tilskotet.

Vi ynskjer Gjertrud mykje lukke til som styremedlem i Vestland Bondelag.