LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Dette er veldig bra, og eit viktig første steg for auka sjølvforsyning.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- Dette sikrar konkurransekraft til råvarer som er produsert med betre dyrevelferd, lågare bruk av bruk av medisin og plantevern, som er eit berekraftig landbruk.

Felde forventar at tollgrepa vert gjeldande frå 2023, og at det vil gjelde fleire tollgrupper enn det budsjettsemja syner til.

- Kvart land har eit ansvar for å sikre størst mogeleg matproduksjon til eiga befolkning.

 

Fleire lyspunkt

- Det er også veldig bra at dei vurderer å skrote/nedskalere dei største, nye satsingane på motorveg.

Felde forklarar at det er avgjerande med betre, og sikrare vegar i distrikta. Der er det stor råvareproduksjon. Det gjeld både frå jordbruk, skog og hav. Han vil verne om eit landbruk over heile landet, og beskytte den norske matproduksjonen. 

- Dei bøndene som har svakast økonomi, er dei som har bygd nye fjøs og satsa. Dei har store lån. For denne gruppa er det heilt avgjerande med ein ansvarleg pengepolitikk, som held rentenivået nede. Dette ser ut til å vere prioritert av budsjettpartnarane.