LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Eg er letta, og godt nøgd med at Staten tek den store kostnadsveksten i landbruket på alvor. Samtidig syner dei vilje til å løfte inntektsnivået i norsk matproduksjon.

Det seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- 2/3 av tilbodet er knytt til kostnadskompensasjon, og det er bra at Staten langt på veg aksepterer den kostnadsutviklinga norsk matproduksjon står i.

 

Stor avstand

- Det er stor avstand mellom kravet om tetting av inntektsgap, og det som ligg i tilbodet frå Staten.

Felde fortel at Senterpartiet i fleire møter har presisert viktigheita av ein stor forhandlingsgevinst.

- Det er klare forventningar til at vi  får gjennomslag for 100 000 kroner i tetting av inntektsgap.

Jordbruket la i sitt krav på 11,5 mrd.kr. til rette for å tette inntektsgapet til andre grupper i samfunnet med 100 000 kroner. Det samanliknbare tilbodet på 8,9 mrd.kr. legg opp til å tette inntektsgapet med 30 000 kroner.

 

Saknar sterkare verkemiddel

- Når det gjeld innrettinga saknar vi noko sterkare verkemiddel innan grovfôrproduksjonane. Spesielt er inntektsløftet innan den særs arbeidskrevjande mjølkeproduksjonen for svak i tilbodet.

Felde utdjupar at det er avgjerande at dette vert prioritert vidare i forhandlingane.

- Vi ser også at sauen kjem svakare ut i tilbodet, samanlikna med kravet frå landbruket. Beitebruken burde vore betre prioritert.

 

Flerie skuffelsar

- Vi har også ein stor bærproduksjon i fylket, og det er skuffande at regjeringa ikkje prioriterer grep for å sikre norske bær til industrien.

I tillegg reagerer Felde på at regjeringa ikkje vil forbetre investeringsverkemiddela når det gjeld fjøsbygging knytt til lausdriftskravet.

- Framtidshåpet for dei 700 bruka i Vestland som ikkje har bygd fjøs er ikkje tent i dette oppgjeret.

Ifylgje Felde ser det ut som regjeringa er meir opptekne av nye utredningar og nye teoretiske prosjekt framfor å sikre ein moderne mjølkeproduksjon kring om heile distriktsnorge.

- Mjølka er bærebjelken i distriktslandbruket, og dette vert ikkje teke på alvor i tilbodet frå Staten. For å sikre ein framtidig matproduksjon er det avgjerande å nytte handlingsrommet i tollvernet. ( frå kronetoll til prosenttoll). Dette er viktig å få på plass i årets jordbruksforhandlingar. Dette vil kunne gje moglegheit til  mjølk, kjøtt og grøntprisar i framtida.