Matfest skal vise mangfald og berekraft

Tema for årets matfestival i Bergen er frå jord/sjø til bord. Målet er at Bergen og Vestland skal bli Norges gastronomiske metropol! Vestland Bondelag er med i ei arbeidsgruppe som skal lage Ung Matfest.
Ung Matfest
Bergen Matfest samlar mange produsentar frå heile fylket, og Vestland Bondelag er på plass for å støtte opp om arrangementet. Hovudmålet med å delta i konseptet "Ung Matfest" under festivalen, er å auke rekruttering til naturbruksskulane. Saman med mellom anna Vil Vite, Turlaget, Akvariet, Bybonden i Bergen og Norske Kokkers Landsforening, skal vi ha aktivitetar for elevar frå ungdomsskulane.
I fjor var hovudfokus på standen vår grovfôrbaserte produskjonar og beiting. Planane for i år er ikkje heilt klare, men det vert truleg akivitetar rundt grøntproduksjon. Pressing av eple var ein stor suksess i fjor, og vert truleg vidareført i år.
Bergen Matfestival vert arrangert 2.-3. september.
Vestland som gastronomisk metropol
Vestland Bondelag deltok også i eit arbeidsmøte i regi av Matarena AS med den ambisiøse tittelen «Hvordan gjør vi Bergen og Vestland til Norges gastronomiske metropol?»
Direktør Pelle Toels Øby Andersen fra Food Organisation of Denmark (FOOD) er arrangør av Copenhagen Cooking & Food Festival. Han delte sine erfaringer med å drive festivalen. Konsept- og opplevelsesutvikler Pål K. Medhus hadde ein innholdsrik bolk om korleis utvikle ein eller fleire idear til eit konsept som gjer ei betre oppleving for kunden og eit betre resultat for tilbydaren.
Resultatet av møtet er at det er starta ein prosess med å skape ein endå betre Matfestival og endå fleire gode ringverknader i Vestland.