Då Uskedalen Bondelag arrangerte dugnad, var det 12 personar som møtte opp. - Vi rakk ikkje å dekke heile dalen, men det var ein del mindre plast å finna i år sammenlikna med i fjor, seier nestleiar Eirin Kjærland. Uskedalen Bondelag er eit av fem lokallag i Kvinnherad kommune, og har 62 medlemer.

6. april hadde Lærdal Bondelag ein stor ryddeaksjon i fellesskap med Lærdal kommune og andre lag og organisasjonar. - Containarar vart plassert fleire plassar i bygda, og det var stort oppmøte, seier leiar Njål K. Golf. - Me har også hatt ein eigen aksjon med innsamling av rundballeplast der det vart plassert ut containarar 3 plassar i bygda, seier han. - Me gjentek same aksjon i slutten av mai. Lokallaget held til i Lærdal kommune, og har 103 medlemer.

 

VBrynhild Tennebekk Bjørke og Liv Spilde deltok på dugnad med barnebarna.oss Bondelag gjennomførde ryddeaksjon langs vegane inn mot sentrum  9. mai. - Nesten  som forventa fann me lite landbruksplast, seier leiar Grethe Monica Haug.  - Me leita det me kunne i dag men fann forsvinnande lite plast frå landbruket langs vegane våre. Det er godt å få stadfesta at me har gode rutiner og bra avtale om levering av plast.

Medlemmane vart også oppfordra til å rydde der dei bur. Alle som deltok på dugnaden fekk is og kaffi. Bestemødrene Liv Spilde og Brynhild Tennebekk Bjørke sende bilete av god jobb på tur med barnebarn.

Voss Bondelag er eit av 4 lokallag i Voss herad og har 286 medlemer.

 

Oppstryn Bondelag er eit av 5 lokallag i Stryn kommune. Dei slo seg saman med Stryn Bondelag i fjor, og har no 133 medlemer. Dei har hatt innsamling av landbruksplast, restavfall og stål, og planlegg ein ryddeaksjon saman med kommunen.