STYREMEDLEM I VESTLAND BONDELAG: Kari Sigrun Lysne. 

 

- Denne veka oppmodar me medlemmene våre til å rydde litt ekstra, fortel Kari Sigrun Lysne.

Ho er styremedlem i Vestland Bondelag, og fortel at Vestland Bondelag har sett i gang ein plast- ryddedugnad denne veka.

-  Me er spesielt opptekne av at folk skal få kontroll over landbruksplasten sin. Det er fort gjort å rydde, når ein først kjem i gang. Me skal ikkje ha landbruksplast på avvege.

 

Håpar mange tek i eit tak

-  I tillegg vil eg oppmode alle andre til å rydde rundt seg også. Skal ein gå tur kan ein ta med ein pose, og ta med seg søppelet ein kjem over.

Lysne fortel at å rydde beitemark, grøfter og veg høyrer våren til.

- Ein finn dessverre tomgods, landbruksplast og anna søppel.

 

Skal bli fint til 17.mai

- Sjølv om me no tek ei veke med ekstra fokus på rydding, skal det seiast at bøndene på det jamne er flinke. Norge er blant dei beste i verda på innsamling og gjenvinning av landbruksplast.

No gler Lysne seg til å kome i gang med ryddinga.

- Plast og anna søppel høyrer ikkje heime i naturen. Dessutan vil vel alle ha det fint rundt seg til 17.mai, avsluttar ho.