At banken syner handlekraft for å medverke til noko meir tryggleik for matprodusenten i våre område er svært gledeleg, sjølv om vi i Vestland Bondelag hadde håpa at Staten og regjeringa hadde kome meir aktivt på "bana" med tiltak som kan sikte tryggleik for lønsemda i landbruket, held Felde fram.

Eg håpar andre bankar i Vestland vil kome med liknande tiltak, oppmodar Felde.  No gjeld det å samhandle for å skape mest mogleg tryggleik for den økonomiske situasjonen, slik at bøndene gjødslar og legg grunnlaget for gode avlingar og stor matproduksjon også i 2022. 

 

Pressemeldinga frå Sparebanken:

Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr rentefritt lån til bøndene

– Eigen matproduksjon er viktigare enn nokon gong, så dette er ei handsrekning til ei næring som for tida opplever stor kostnadsauke, seier Ragnhild Helgheim.

Ho er bransjeansvarleg for landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane, som no har bestemt seg for å tilby eit kostnadsfritt lån til landbruksnæringa.

Bilete F.v. Ragnhild Helgheim.  Bransjeansvarleg landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane og fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde.  Biletet er teke vinteren 2021.

– Sidan sommaren 2021 har kostnadsauken i landbruksnæringa vore stor, og den pågåande krigen i Ukraina har forsterka dette. Gjennom perioden min som bransjeansvarleg for landbruksnæringa har eg aldri sett så mange innsatsfaktorar auke så mykje på same tid, seier Helgheim og viser til høgare prisar på varer som kunstgjødsel og drivstoff, og at både Russland og Ukraina er store eksportørar av landbruksvarer.

Inntil 300 000 kroner kostnadsfritt

No står våronna for døra, og då er gjødsel og diesel vesentleg for bøndene. Mange bønder handla inn gjødsel allereie hausten 2021 på grunn av pågåande prisauke, medan enkelte har vegra seg. Nokre har også vurdert å gjødsle mindre, seier Helgheim.

– Dette er dårlege signal inn mot ei tid der vi treng eigen matproduksjon meir enn nokon gong. Derfor har vi bestemt oss for å gje landbrukskundane våre ei hjelpande hand, held ho fram.

Til og med 30. juni kan bønder søke om eit sokalla likviditetslån på inntil 300 000 kroner. Dette lånet har ingen rente eller gebyr, men kostnaden må dokumenterast ved å legge fram faktura for gjødsel og diesel.

– For dei som har store utfordringar kan eit slikt bidrag vere avgjerande for å kunne satse på ein skikkeleg vekstsesong i år, seier Helgheim.

Avhengig av landbruket

Roy Stian Farsund er direktør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, og han seier at det er naturleg at banken no stiller opp for landbruket.

– Vi er alle avhengige av eit godt og fungerande landbruk. Sjølv om næringa opplever kostnadsvekst har vi eit ønske om at våronna skal gå som normalt. Som sparebank har vi også eit samfunnsansvar, og derfor tenker vi at det er fint å komme med eit slikt tiltak til bonden, seier Farsund.

Bilete: Roy Stian Farsund, direktør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane og Anders Felde, styreleiar Vestland Bondelag fotografert i samband med eit møte med banken vinteren 2021.