STOLT BONDE: Vidar Sandal.

 

- Eg har vore geitemjølksprodusent i cirka 32 år, og eg trivst godt med det. Eg har i grunnen ikkje drive med noko anna i heile mitt yrkesaktive liv.

Det fortel Vidar Sandal. Vestland Bondelag besøker han ein vårdag i april. Det er ein pratsom, og engasjert kar me møter heime på gardstunet på Egge.

- Eg har ei genuin interesse, og ei glede av å styre arbeidsdagen min sjølv. Det å kunne produsere mat er viktig. Eg gjere noko meiningsfylt. Eg bidreg til å stelle det landstrakte landet vårt. Geita er eit unikum i forhold til både beiting, og pleie av utmark.

Geitene til Sandal får gå i Våtedalen om sommaren, og det er mange som har lagt merke til dyra når dei har køyrt gjennom den særmerka dalen.

- Eg hugsar eg kom i prat med eit amerikansk par ein gong. Dei lurte på om eg verkeleg hadde budd her heile mitt liv. Eg tenkte at det var ein kommentar eg faktisk burde ta til meg. For det er spesielt her.

 

Bonde i over 30 år

GLAD I DYRA SINE: Vidar Sandal.

 

- Eg overtok garden i 91-92. Då hadde eg ein meir tungdriven fjøs. Det var grassiloar utan grabb. Det var mykje hesjing.

I dag er det kun minner frå ei svunnen tid. No er siloane spikra att, og Sandal har modernisert drifta.

- No er det mekanikk og rundballar. Eg brukar også kjøpe tørrhøy om våren. Eg har letta drifta fysisk. Klart det kostar litt meir, eg leiger jo entrepenørar til å pakke gras. Likevel er ikkje garden større enn at det faktisk er ei noko god økonomisk løysing for meg. 

I 2013 vart fjøsen ombygd, og i dag husar den 140 -150 mjølkegeiter. Kvoten er på 85.000 liter. 

- Då eg overtok garden hadde eg 120 mjølkegeiter, dyretalet har auka.

 

Færre produsentar

 

UROA FOR GEITEMJØLKSNÆRINGA: Vidar Sandal.

 

- Då eg starta i næringa var me 1250 produsentar i landet. I dag er me berre 250 att. Vi har eit frislepp i landbruket som eg ikkje likar, i forhold til omsettning av kvotar.

Sandal forklarar at geitemjølksnæringa no sel kvoten sin for 30 kroner literen. Han kallar det eit økonomisk hjul som er fullstendig ute i galopp.

- Det er heilt sprøtt for oss å kjøpe kvote til 30 kroner literen . Eg meiner det er noko staten burde styre. Styre til ein gitt pris. Her er det marknadskreftene som styrer.

Sjølv kjøpte han 20 000 liter no når naboen slutta.

- Geitmjølksnæringa er inne i ein kritisk fase. Antal bruk går ned. Dalføra blir tømde for geit. Våtedalen kan bli tom for geit i åra som kjem om eg sluttar.

Det var eitt år Våtedalen var tom for geit. Året etterpå gjekk Sandal seg ein tur og såg konsekvensane.

- For kvar 10. meter kom det ein 10 centimeter høg trestikling. Det er heilt utruleg at ei gamal beitemark som Våtedalen skal poppe opp med skog så kjapt.

 

Håpar fleire kjøper produkt frå geit

EIN FIN GJENG: Dyra har det godt hjå Vidar Sandal.

 

- Dei siste 10 -12 åra har vi fått ein mykje mildare smak på geitemjølka. Dette er både genetisk forska på, og avla på. Spesilet kvite geitostar smakar mykje mildare enn det gjorde før.

Sandal fryktar mange i den vanlege kundemassen har blitt fortalt att produkt frå geit har ein litt for sterk smak, og at dei difor styrer unna.

- Eg håpar folk vågar å putte geitemjølksprodukt i handlekorga. Eg håpar også at dei finn geitemjølksprodukt i butikken. Eg håpar at butikkane blir endå flinkare til å ta inn geitemjølksprodukt.  

Sjølv brukar han å marknadsføre produkta så godt han kan.

- På ulike landbruksmøter har eg hatt med meg karafflar med geitemjølk. Kvit geitost også. Folk har nikka anarkjenande. Smaken var mykje mildare enn dei hadde trudd.

 

Om framtida

GEITENE I VÅTEDALEN: Dei blir lagt godt merke til av alle som køyrer gjennom dalen om sommaren.

 

- Eg har ei glede i det eg driv med. Eg trivst med det. Eg ynskjer å drive med det framover også.

Sandal fortel at han i alle fall har tenkt å halde på i 10 år til. Til han er pensjonist. Så får han sjå kva som skjer.

- Om det er nokon som tek over etter meg? Kanskje. Behovet er der. Behovet etter mat.