Tidleg i april inviterte styret i Omvikdalen Bondelag ordførarar Hilde Enstad (AP), og varaordførar Leif Sverre Enes (H) på lunsj i bakeriet til Brødskreppa i Kvinnherad kommune.  - Vi planla å servere ein enkel lunsj basert på norske råvarer og la dette danne grunnlaget for ein samtale om matproduksjon, matberedskap og mattryggleik sett i lys av den økonomiske situasjonen til bøndene og tryggleikssituasjonen i verda skriv leiar Omvikdalen Bondelag, Øyvind Sandvik i ein e-post til fylkeslaget.   Dette som ein del av kampanjen "Politikar på lag med bonden".

Enes er tidlegare mjølkebonde og medlem av Omvikdalen Bondelag.  Enstad er på sett og vis agurkbonde i Våge gartneri, som driv storskala agurkproduksjon.  Begge er difor betre kjende med landbruket enn mange av deira ordførar og varaordførar kollegaar.  Styret sitt mål var like vel å auka kunnskapen deira om utfordringane landbruket står over for, og ikkje minst be dei om å nytta deira kunnskap til å påverke oppover i kvar av partia deira, skriv ein engasjert lokallagsleiar.

I løp av lunsjen fekk vi diskutert ulike tema og vi håpar på halde fram den gode kontakten med lokalpolitikarane.

Til stades var også lokalavisa Grenda som skreiv denne saka.

Frå venstre Johannes Hjelmeland, varaordførar Leif Sverre Enes (H), ordførar Hilde Enstad (Ap), Øyvind Sandvik og Kjersti Hjelmeland.  Foto: Omvikdalen Bondelag