Einstapevoll gard. Foto Lars Ove RimmereidFør opninga av anlegget hadde Bjørn sett av tid til å møte tillitsvalde frå fleire lokallag på Einstapevoll gard i Valevåg, Sveio. Styremedlem i Vestland Bondelag, Gjertrud Svartveit Osmudsen, var sjåfør for Bjørn og deltok både på møtet med lokallaga og opninga av biogassanlegget.

Freda gard i Valevåg

Andres Blytt eig Einsapevoll gard, og han viste rundt og snakka om garden og utfordringane ved å drive ein gard som har vore freda sidan 1923. Andres driv saman med kona Elin, og har mellom anna mjøkeproduksjon og storfe. Heile garden er omkransa av flotte steingardar murt opp av avfallsstein frå helleberga. Famlien Blytt har eigd garden sidan 1929 og gjort eit stort arbeid med å restaurere og vedlikehalde bygningane. Dei fekk kulturlandskapsprisen i 2006.

Foto Gjertrud Svartveit Osmundsen

Bjørn møter lokallaga. Foto Gjertrud Svartveit Osmundsen

Opning av biogassanlegg på Eldøyane på Stord

Etter møtet i Valevåg deltok Bjørn Gimming på opninga av det nye biogassanlegget til Renevo. Mange bønder var invitert, dei har vore ein viktig del av prosessen med anlegget. - Det var interessant at det var bøndene som var mest posistve til anlegget, sa styremedlem Gjertrud etter opninga. - Frå scena sa dei at planane om biogassanlegg vart møtt med negative haldningar og motførestillingar, men frå det første møtet med bøndene har dei vore positive til prosjektet.

Lokallaga i området har danna ei arbeidsgruppe og utarbeida ein intensjonsavtale om levering av gjødsel og retur med biorest. 11 bønder har i dag avtale med Renevo.

Du kan lese meir om anlegget i Bondebladet nr 22. Dei har mellom anna snakka med lokallagsleiar i Huglo Bondelag, Erik Willgohs.

 

Paneldebatt Foto Gjertrud Svartveit Osmundsen

Statsministeren opa biogassanlegget. Foto Gjertrud Svartveit Osmundsen

Bjørn Gimming under opninga. Foto Gjertrud Svartveit Osmundsen