LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Eg er glad for at det vart ei avtale, sjølv om eg hadde håpa å tette meir av inntektsgapet.

Det seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag. Avtalen gjev ein inntektsvekst på 28 400 kroner per årsverk i 2022, utover full kostnadskompensasjon. Den gjev også ei inntektsvekst på 64 000 kroner per årsverk i 2023, der 40 000 er tetting av inntektsgap.

- Ei tetting av inntektsgapet med 40 000 kroner er avgjerande for å sikre lønsam matproduksjon. Det er viktig at regjeringa stiller opp og kompenserer dei store kostnadane landbruket har hatt i 2021, og som vi får komande år.

Avtalen betyr full kostnadsdekning i 2022 og 2023, og inntektsvekst både i 2022 og 2023.

 

Mange lyspunkt

- For Vestland er det gledeleg å sjå at ein har prioritert sau og ammeku, og ikkje minst at ein har fått på plass eit nytt industribærtilskot som sikrar norske bær i industrien.

Felde er også nøgd med at ein har klart å løfte inntektene i alle produksjonar, noko som har vore viktig i eit år med stor kostnadsvekst.

- At ein har løfta taket for investeringstilskot frå 2 millionar til 3,5 millionar, og løfta tilskotsprosenten frå 35%  til 40% er strålande nytt for alle dei bøndene som i dag driv i båsfjøs. Dette vil føre til auka investeringar i mjølkefjøs på Vestlandet.

Felde meiner at dette var særdeles viktig for å behalde mjølka som bærebjelken i distriktslandbruket.

- Totalt sett løftar avtalen framtidsutsiktene for vestlandsbonden spesielt, og norske bønder generelt. Det er svært gledeleg at Staten kjem med kostnadskompensasjon i eit år med ekstrem kostnadsauke.  Dette syner at staten stiller opp i ein særs usikker situasjon for norske bønder.

 

Fakta og tal i avtalen 

Avtalen for 2022 og 2023 gjev auka inntektsmogelegheiter på til saman 10,9 mrd.kr. samanlikna med 2022 før oppgjer. Ein betydeleg del går til å dekke opp kostnadar.

Kompensasjon i 2022 for svikt i inntektsutvikling og kostnadsvekst er på 2,4 mrd.kr.

Ramma for avtalen for 2023 er på 7,3 mrd.kr. og gjev ei inntektsvekst på 64.000 kr. per årsverk der er 40.000 kr i tetting av gap. I tillegg kjem for 2022 2 mrd. kr. i auka tilskot og 1,2 mrd. kr i auka målprisar frå 01.07.22.