17 år på garden hargjort at kunnskapen om landbruksdrift etterkvart vorten høg.  Grethe Monica Haug har 4 born, er gift med Steffen og busett på Gjernestunet.  Ein flott sentrumsnær gard på sørsida av Vangsvatnet på Voss der stikkord for drifta er mange føter å stå på. 

Matproduksjon gjev livet meining

- Å drive med matproduksjon er eit liv som verkeleg gjev meining, seier Haug.  Ho er også leiar i Voss Bondelag.  Voss er ei bygd med stor jordbruksproduksjon og det er me Vossingane stolte av.  Me må arbeid for at det også i framtida vil vere mange stolte bønder på Voss.  Sysselsetjing, drift av kulturlandskap, kulturformidling, skaping, bevaring og stoltheit er i tillegg til matproduksjon viktig for at til dømes turistbygda Voss skal ha ei framtid. 

Stolt over det me har fått til her

I e-posten frå Grethe Monica får vi verte betre kjend med driftsgrunnlaget på garden til familien og tankar om kvifor det er viktig å vere tillitsvald.  Ho deler også kva ho kunne tenkje seg å prioritere om ho skulle få vere Statsråd i Landbruks- og Matdepartementet for ein dag.

Garden har ca 150 da dyrka mark og me pakter omlag like mykje .  Tunet var i eit klyngetun før utskiftinga og ligg fint til med utsikt over vatnet og sentrum, me har fleire eldre bygningar som fortel historia til garden og me har nye funksjonelle bygg til dagens drift. Eg er veldig stolt av garden og kva me har fått til her.

- På garden driv me med ammeku, har 20 limousin og 9 vestlands fjorfe pr i dag, 45 vinterfora sau av rasen Norsk Kvit Sau, to alpakka ( berre for kos og ull), to gjetarhundar og to huskatter.  Sau og kyr beitar i Gråsida heile sommaren og så langt som råd utover hausten.   Tilsyn og sanking gjev meg stor glede.  Me nyttar «Nofence» teknologi på storfe.  Bra det er kome eit så godt hjelpemiddel på marknaden som ivaretek dyrevelferden og gjev oss høve til å beite på alle område med enkle grep.

- Eg byrja drift av« inn på tunet» i 2011.  Små grupper frå Ungdomskule og pleie og omsorg i Voss herad har ein fast dag i veka her der dei får vera med på arbeidet på garden. Hovudmålet er å skape ein god dag for dei som kjem., det trur ( veit) eg me klarar.  Tunet er stort og innhaldsrikt så det er godt eigna til gode dagar med stor variasjon i aktivitet. 

Flisproduksjon  for Hordaland bioenergi, rundballing og diverse brøyting og strøing er andre inntektkjelder på garden. Eg er også  å finna på Vinmonopolet på Voss innimellom, der eg tykkjer det er godt å møte gode kollegaer og kjekke kundar. 

Bilete: Selfie med alpakka :) 

Kvifor takka ja til styreverv?  

 Eg har vore leiar  i Voss Bondelag dei siste 2 åra,etter eit år som nestleiar i styret.Sa ja etter litt påtrykk då eg ikkje kjende meg heilt kompetent til eit slikt verv men angrar ikkje. Eg er heldig å ha med meg eit engasjert og kunnskapsrikt styre.    Eg tykkje det er kjekt, lærerikt og spennande å vera med. Det har jo vore to litt krevjande år med stor aktivitet og utfordringar i fleng, trur me har «landa» det ok.   Er vel glad i nye utfordringar og tenkjer at ein kan alltid læra noko nytt og bidra til felleskapet ,så takka ja til å stå som 3. Vara i styret Vestland Bondelag også. Vonar eg kan bidra etterkvart om behovet er der. 

Bilete: Sau på beite med Vossevangen i bakkant

Landbruks og matminister for ein dag

Skulle eg vore landbruks og matminister for ein dag ville eg sjølvsagt  gjort alt i mi makt for å heva bonden si inntekt  og arbeidd for  trygge velferdsordningar for bøndene. No er det på høg til at bonden får skikkeleg betalt for den jobben me gjer på vegne av heile det norske folket!