LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Budsjettnemda sine tal syner at den enorme kostnadsveksten har gitt eit fall i inntektene på 60 000 samanlikna med det som var forventa etter jordbruksoppgjeret i 2021. Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag. 

Tala frå Budsjettnemda for jordbruket syner inntektsutviklinga i næringa.  Denne utviklinga vert lagt til grunn for kvart jordbruksoppgjer. Den ferske prognosen frå Budsjettnemda syner at jordbruket kan forvente ein berekna inntektsnedgang på 60 000 kr per årsverk i 2022.

- Vi må hugse på at dette er gjennomsnittstal, det betyr at mange har ein betydeleg større inntektsnedgang og mange av desse har ein svært anstrengt økonomi.  Kostandane har auka med cirka 5,5 mrd. kroner, medan inntektene ikkje har klart å halde fylgje. Sjølv om ein har klart å auke prisane på eksempelvis kjøt og egg, fått på plass straumstøtte og tilleggsforhandlingar er ikkje dette nok for å sikre inntektene. Ein klarar difor ikkje å sikre framtida for norske matprodusentar.  

 

Enorm kostnadsvekst i landbruket

Nokre eksempel for 2022:

- 89% kostnadsvekst kunstgjødsel

- 13% kostnadsvekst kraftfôr (utgjer 1 mrd. kroner)

- 27% kostnadsvekst på drivstoff

-  25% kostnadsvekst på plast

 

Budsjettnemda sine berekningar for referansebruka syner at alle produksjonar uavhengig av størrelse og kvar garden ligg, har låg inntekt.

- Vi ser også at inntektene innan sau og ammeku ligg veldig lågt, og dette er viktige produksjonar for oss i Vestland, held Felde fram.

 

Alvor før jordbruksforhandlingane

Tala frå budsjettnemnda bekreftar på mange måtar alle dei historiene bøndene sjølv har fortalt om låge inntekter.

- Dette gir eit svært alvorleg bakteppe for jordbruksforhandlingane, men vi stolar framleis det  Landbruks- og matminister Sandra Borch har sagt tidlegare, all kostnadsvekst for 2021-2022 skal kompenserast i jordbruksforhandlingane. I tillegg skal ein starte å tette inntektsgapet. Sviktar regjeringa desse lovnadane vil det få alvorlege konsekvensar for framtidig matproduksjon i Norge, avsluttar Felde.

 

 

Bakgrunn:

  • Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) utarbeider årleg grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane. Nemnda har som hovudoppgåve å legge fram materiale som kan danne grunnlag for vurdering av jordbruket si økonomiske stilling, først og fremst til bruk under dei årlege jordbruksoppgjera.
  • Budsjettnemda består av partar frå Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet og Landbruks-og matdepartementet. NIBIO (Norsk Institutt for bioøkonomi) innehar sekretariatsfunksjonen. Mandatet er å legge fram materiale som kan danne grunnlag for vurdering av den økonomiske stillinga i jordbruket, og vert brukt som utgangspunkt i dei årlege jordbruksforhandlingane.
  • Jordbruksforhandlingane mellom jordbruket sine faglag (Norges Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag) og staten startar 27. april. Då legg jordbruket fram sitt krav.