Nyhende frå Vestland Bondelag

Kommunane treng kompetanse på landbruk

Produksjon av mat med utgangspunkt i kommunen sitt areal er ei framtidsnæring. Ei næring der menneske og teknologi i samspel med arealgrunnlag, offentleg lovverk og eit klima i endring skapar økonomiske verdiar i dykkar kommune, slik startar brevet som Vestland Bondelag har sendt til kommunane i fylket. Brevet er signert av fylkesleiar Anders Felde (biletet)

Valnemnda har starta arbeidet sitt

- Det er eit stort ansvar og eit viktig arbeid vi har framfor oss seier leiar i valnemnda i Vestland Bondelag Samson Hamre.

Årsmøte i Fjaler og Hyllestad Bondelag

Camilla Avedal Ulvik vart attvald som leiar i Fjaler og Hyllestad Bondelag.

Kveldssamling med kaffi og klimaprat

Vestland Bondelag vil i samarbeid med Alver kommune invitere til kveldssamling med tema klimatilpassing og klimakalkulator. Samlinga passar best for mjølkebønder, men er ope for andre produksjonar. Møtet er støtta med midlar frå Statsforvaltaren.

Tal jerv må reduserast kraftig

- På vegne av beitebrukarane i Indre Sogn er det svært skuffande at Statens Naturoppsyn (SNO)  ikkje har fått i oppdrag å felle jerv i Vestland og i Breheimen, skriv styremedlem og rovviltpolitisk talsperson i Vestland Bondelag Gry Ingvild Agjeld i eit lesarinnlegg.  

Kurs i fornybar energi for gardbrukarar i Vestland

Vurderer du å investere i eit anlegg for fornybar energi på garden din? Norges Vel inviterer til digitalt kurs om fornybar energi i landbruket. Kurset går over to kveldar.

Felles årsmøte for Gulen og Masfjorden

Nordre Gulen Bondelag og Gulen og Masfjorden Bondelag har slått seg saman.

Har du hugsa å melde deg på arbeidsgjevarkurs?

- Eg vil oppmode alle som nyttar innleigd arbeidskraft til å setje av tid til å delta på eitt, eller aller helst delta på alle arbeidsgjevarkursa som vert tilbydd som webinar i januar/februar 2022, seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Kari Sigrun Lysne.

Frukostprosjekt på Vassenden skule

Kva effekt har ein god frukost? Dette ville Vassenden skule finne ut av, med god hjelp frå Jølster Bondelag.

God deltaking på Skattekurs i Eidfjord

Det var rekord-oppmøte på Bondelagets Skattekurs i Eidfjord 8.-10. november.

Er råvareprisen nøkkelen til betre inntekt?

Mot slutten av leiarmøtet vart det invitert til innleiingar og debatt kring mellom anna prisdanninga i norsk landbruksproduksjon.

Gjer meir av det du likar og mindre av det du ikkje likar

- Så enkelt og så vanskeleg, men det er no kjekkare å gjere meir av det du likar å gjere, sa influensar Ingeborg Sol Fure i eit kreativt og tankevekkande innlegg på leiarmøtet til Vestland Bondelag

Norges Bondelag vert ikkje betre enn lokalleddet

- Norges Bondelag må kjenne trykket nedanfrå og opp! Det er ikkje Bjørn Gimming som skal trykke frå oppe og ned, sa ein tydeleg Knut Tore Nes Hjelle i si innleiing til leiarmøtet i Vestland Bondelag

Inntekt på nivå med andre

- Vi må peike på dei gode løysingane på vegen mot eit retningsskifte for norsk landbruk, sa leiar i Norges Bondelag Bjørn Gimming i leiarmøtet til Vestland Bondelag i Sogndal.

Vi har klart å stå imot

- Ved å stå saman har vi klart å sikre dei fire grunnpilarane for norsk landbruk, sa Anders Felde til leiarmøtet i Vestland Bondelag.

Kan ikkje leve av å vere "maskot" for heile landbruksnæringa

- Vi er berre kring 250 geitmjølkprodusentar att i Norge, men vi kan ikkje leve av å verte sett på som "søte maskotar" for heile norsk landbruk. Vi må ha inntekt og avsetning for produkta vår til liks med andre matprodusentar, sa leiar i Luster Bondelag Andreas Wiese då han møtte styret i Vestland Bondelag.

God diskusjon i Jondal Bondelag

- Det var ein kjekk kveld med god og humoristisk landbruksfagleg diskusjon, sa Kjersti Hjelmeland om årsmøtet i Jondal Bondelag.

Hafslo og Indre Hafslo Bondelag går saman med Luster Bondelag

- Dette er ein prosess som har modnast over tid seier leiar i Luster Bondelag Andreas Wiese i ein kommentar til at årsmøta i dei tre lokale Bondelaga den 18. oktober gjorde vedtak om å slå seg saman.

For ein fantastisk gjeng!

Nye bønder frå heile fylket deltok på samlinga i Øystese 5.-6.november, og med rekordpåmelding var lista lagt for ei fantastisk kjekk samling.

Drøymer du om solceller på taket?

Då bør du gjerne sjekke moglegheitene for å realisere draumen. Innovasjon Norge (IN) har fått nye retningslinjer frå og med år 2021 innan Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Det er opning for at IN kan gje støtte til varmepumper og solcelleanlegg under ordninga Fornybar energi i landbruket.

Attval i Radøy Bondelag

Asgeir Nøttveit held fram som leiar i Radøy Bondelag og nesten heile styret tok attval.

Eit Norge i miniatyr

Davik og Ålfoten Bondelag sine medlemer held til i heile Bremanger kommune. Ein kommune med ein geografi og topografi som liknar eit Norge i miniatyr; frå Ålfotbreen i aust til yste Bremanger ut mot storhavet i vest.

Temadag og skattekurs i Sogndal

1.-3.november vart det arrangert temadag og skattekurs på Quality Hotel Sogndal med god deltaking.

200 millionar ekstra til landbruket

I sitt endringsforslag til budsjett for 2022 føreslår regjeringa 200 millionar kroner ekstra i investeringsverkemiddel til landbruket.

Ung bonde tek over leiarvervet i Osterøy Bondelag

Med sine 22 år er Asgeir Presttun (midt i biletet) truleg den yngste leiaren av eit lokallag i Vestland. - Skikkeleg kjekt når unge bønder tek på seg leiaransvaret i lokallaget seier Ole Bjarne Hovland som representerte fylkeslaget i årsmøtet.

Lokallaga i Kvinnherad samla til årsmøte

Alle lokallaga i Kvinnherad var invitert til felles samling i Rosendal. Dei som ville kunne ha årsmøte etter den felles delen av programmet.

Godt frammøte på årsmøtet i Gaular Bondelag

Margun Myrmel Øren held fram som leiar i Gaular Bondelag. Ho er glad for at det møter opp fleire yngre bønder i årsmøtet. Det set vi stor pris på.

Inge Gjerdevik ny leiar i Fusa Bondelag

På årsmøtet i Fusa Bondelag i slutten av oktober gav leiar Lars Inge Vik stafettpinnen vidare til Inge Gjerdevik som ny leiar i lokallaget.

Velkommen til ny-bondesamling

Rekordhøg påmelding til Vestland Bondelag si første ny-bondesamling.

Leif Magne Hovland held fram som leiar i Tysnes Bondelag

- Jammen arbeider vi i eit langstrakt og mangfaldig fylke seier styremedlem Gry Ingvild Agjeld som fekk gleda av å reise heilt sør til Tysnes for å møte tillitsvalde og medlemer i Tysnes Bondelag

Gode diskusjonar

Det var både tydelege tilbakemeldingar med alvorleg innhald og godt humør då organisasjonssjef Lars Peter Taule deltok på årsmøtet i Viksdalen Bondelag sist veke

Klimakurs i Rosendal

Vestland Bondelag vil i samarbeid med Kvinnherad kommune invitere mjølkebønder i Kvinnherad og omland til gratis kurs i klimatilpassing og klimakalkulator. Nytt: Kurset er utsett til etter jul.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere