Vidare i brevet som er sendt som innspel til diskusjonane kring budsjetthandsaminga i kommunane skriv fylkeslaget:    Landbruket er i sterk endring. Omstilling for å møte nye krav er kapitalkrevjande, det er stor trong for ny kunnskap og musklar til å kunne utvikle næringa. Kommunane er i denne omstillinga viktige støttespelarar ved sine dyktige medarbeidarar på landbrukskontora.  Dei sit med svært verdfull lokal kunnskap om landbruket i sin kommune, og de har ei viktig rolle som landbruksstyresmakt. 

De i kommunane sit med eit stort ansvar som førstelineteneste både i høve lovpålagte oppgåver, men også i å utvikle næringa i tett dialog med til dømes Innovasjon Norge.   Dette peikar også Statsforvalteren på i sitt forventningsbrev til dykk datert 3. februar 2021:  Utviklingsrolla er i liten grad pålagd gjennom lover og regelverk, men er desto viktigare for å bidra til ei positiv utvikling i landbruket og for bygdene. Vi har erfaring for at kommunar som arbeider aktivt med utvikling får ein større del av ulike utviklingsmidlar for landbruket, til dømes gjennom god informasjon og offensivt motivasjonsarbeid og rettleiing

Vi i Vestland Bondelag er uroa for mangel på fagkompetanse på landbruk i fleire av kommunane.   Vi registrerer, mellom anna via oppslag i media og i dialog med medlemer, ei utvikling med sterkt redusert kompetanse på landbruk i stadig fleire kommunar.    Landbruk vert salderingspost i dei pågåande budsjettprosessane, og etter kvart handlar det berre om å prøve å kome i mål med lovpålagte oppgåver.   

Ja, vi har stor forståing for at både politikarar og administrasjon sit med vanskelege avvegingar når ressursane er for små, men å stadig redusere på stillingar som er med på å utvikle næringslivet i kommunen vert feil!   Kommunane har ei viktig rolle i å sikre ei god gjennomføring av den nasjonale landbrukspolitikken.  Skal rolla kunne fyllast må kommunane ha tilsett medarbeidarar med god kompetanse på landbruk.  Dei må kunne forvalte lovverk, men dei må også kunne vere med på å legge til rette for utvikling av landbruksnæringa i sin kommune i ein situasjon der lovverk og forskrifter saman med eit endra klima tvingar fram store endringar for den einskilde matprodusent.  

Dei matproduserande areala er «banken» for vår eiga framtid.  Dei må utviklast gjennom bonden sin evne til å bygge nytt og vilje til å ta i bruk ny teknologi med sterke «heiarop» frå nettverket rundt.     Dykkar kommune sin vilje til å satse på kunnskap og kompetanse i førstelinetenesta  innan landbruk er VIKTIG! avsluttar fylkeslaget i sitt brev til alle kommunane i Vestland.