Tysdag 9. november kl 11.30 til 14.30 i kommunehuset i Rosendal

Det vert servering.

Om kurset
Kursleiarar er klimarådgjevarane Helena Elvatun (NLR Vest) og Jan Asle Torstad (Tine). Dei vil fokusere på klimatilpassing og klimatiltak og gje ei innføring i klimakalkulatoren.

Det er fint om du har med datamaskin eller nettbrett på kurset for å få rettleiing av klimarådgjevarane. Det er også ein fordel om du har logga deg på kalkulatoren før kurset. Dersom klimarådgjevarane skal sjå tala frå drifta, må du gi tilgang i kalkulatoren. Tilgangen er personleg og kan fjernast når som helst. Det er viktig å merke seg at tala som kjem inn i kalkulatoren berre vedkjem utrekning av klimavenleg drift. Rådgjevarane kan ikkje sjå heile rekneskapen din.

Program

Landbruket – ein del av klimaløysinga ved Kjersti Hjelmeland, Vestland Bondelag.

Informasjon frå landbrukskontoret

Kursdel ved klimarådgjevarane Helena Elvatun og Jan Asle Torstad

  • Klimatilpassinga- korleis vil og har eit endra klima forandra din kvardag som bonde.
  • Klimatiltak
  • Klimakalkulatoren, gjennomgang.

 

Om klimakalkulatoren
Klimakalkulatoren er eit viktig verktøy for å vise at norsk matproduksjon kan verte meir klimavenleg gjennom våre eigne tiltak. Kalkulatoren vil kanskje ikkje fungere heilt perfekt med ein gong, men den skal vere eit utgangspunkt for vidare diskusjon med klimarådgjevar. Målet er at rådgjevinga kan forbetre produksjonen; god agronomi er ofte det same som klimavenleg produksjon. Det vert mogeleg å søkje midlar for rådgjeving etter kurset, både i grupper og enkeltvis.

Meir informasjon
På klimasmartlandbruk.no under «klimakalkulatoren» finn du meir informasjon og e-læringskurs. E-læringskursa er gode, og gjev eit innblikk i korleis kalkulatoren fungerer. Ved spørsmål kan du ta kontakt med rådgjevarane:

Helena Elvatun; NLR Vest helena.elvatun@nlr.no
Jan Asle Torstad, Tine Jan.Asle.Torstad@tine.no
Maria Makloufi Skjold, Vestland Bondelag maria.skjold@bondelaget.no

 

Påmelding til vestland@bondelaget.no innan 5. november.

Møtet er støtta med midlar frå Statsforvaltaren.