Nyhende frå Vestland Bondelag

Tid for saktemat

Lammelår er for mange ein like viktig del av påska som påskekrim, påskeegg, påskeharen og påskelabyrinten. Her kjem tips til påskeklassikaren, kanskje du skal grave den ned?

Norsk påskegodt

Påske = påskeegg = snop = norsk snop?

Innspel til regional plan for berekraft

Vestland Bondelag har sendt innspel til Fylkeskommunen sin plan for Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

10 000 kroner til bønder i Malawi

Takk til alle som kjøpte lodd på årsmøtet. Pengane går til opplæring av driftige og engasjerte bønder for at dei skal verte betre rusta mot ekstremver og avvlingssvikt.

Vår-lengt

Om ikkje det allereie er eit ord i ordboka så trur eg denne vekas lokallagsleiarar er einige om at det er det dette det går i for tida. :)

Korleis dokumentere at utanlandsk arbeidskraft er heilt naudsynt for verksemda di

Grensene er tilnærma stengde i desse dagar, men med god dokumentasjon kan det vere mogleg å få inn arbeidskraft som er kritisk for verksemda di.

Søk om midlar gjennom Bærekraftfondet

Norges Bondelag og Gjensidige skal dele ut inntil 10 millionar kroner gjennom Bærekraftfondet. Både enkeltpersonar og lokallag kan søkje om midlar til førebyggjande tiltak.

Dialogmøte mellom arbeidsgjevarar og NAV

- I etterkant av gårsdagen produsentmøte inviterer vi til regionale dialogmøte mellom NAV regionalt og grøntnæringa, seier fylkesleiar Anders Felde

Dokumentasjon av trong er avgjerande

Grøntnæringa i Vestland treng mykje arbeidskraft utover våren, og særleg i den intensive perioden med hausting frå slutten av juni og ut september er trongen stor. - Vi registerer uro mellom medlemene på om det let seg gjere å få tak i den arbeidskrafta som trengst seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne.

Stille før stormen

Det er litt roligare enn vanleg hos bøndene i denne vekas nettsak, men snart brakar det laus med våronn, kalving og lamming.

Kraftige og ulike tiltak må til

- Å halvere hjortebestanden, slik kommunane kring Nordfjella fekk i oppgåve då CWD kom til området, er inga enkel oppgåve sa viltforvaltar i Årdal, Lærdal og Aurland Knut Fredrik Øi i sitt innlegg på gårsdagens viltwebinar.

Gamle gubbar endrar ikkje haldningar

- Haldningar vert lettast endra ved at den yngre garde "dreg ut i verda" og får nye haldningar. Det er ved generasjonsskiftet at den største haldningsendringa skjer, også i viltforvaltninga sa Torstein Storaas med eit stort smil i innleiinga si på viltseminaret tysdag kveld. Haldningane til gamle gubbar som meg sjølv får du ikkje endra.

Flisfyringsannlegg på garden

Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? Her kan du sjå ein film om korleis det er løyst på Selheim gard på Voss.

Vi treng meir politikk

- Norsk landbruk er heilt avhengig av politikarar som kjenner bonden og korleis landbrukspolitikken fungerer, sa styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland i helsinga til fylkesårsmøtet i Vestland Arbeiderparti

Årets vervar i Vestland Bondelag

På årsmøte vart det delt ut premie til lokallaga med høgast vekst i medlemstal, og det vart gjort ein vri på årets lokallag premien.

Møte om arbeidskraftsituasjonen i grøntnæringa

Måndag 22. mars inviterer Vestland Bondelag til møte på tema arbeidskraftsituasjonen i grøntnæringa våren og sommaren 2021.

Må snu flyttestraumen

- Frå å ha hatt ein situasjon med fødselsoverskot på bygdene der mange flytta og bygde opp næringslivet i dei større byane har vi etterkvart ein situasjon der distrikta ikkje vil klare å reprodusere seg sjølve. Det er dramatisk sa leiar for Distirktsdemografiutvalet, Victor Norman til eit lydhøyrt årsmøte i Vestland Bondelag

Anders held fram som leiar, Marianne er ny nestleiar

Her kan du lese resultatet av det første valet i Vestland Bondelag.

Inntekt er viktigast

- Sjølvsagt er taket på mjølkekvotane viktig, sjølvsagt er det viktig om det skal vere tak på tilskot eller ikkje. Men viktigast er det likevel at det er inntektsutvikling, uansett om garden er liten eller stor, sa Anders Felde i tala si til årsmøtet i Vestland Bondelag

Ran på høglys dag

- Forslaget til direktoratet vil resultere i at Vestlandsbonden ikkje greier å levere eit unikt fjordlandskap eller eit klimasmart landbruk. Då sviktar vi både dei politiske målsettingane i landbruket og det norske folk, skriv Anders Felde i eit lesarinnlegg der han kommenterer Landbruksdirektoratet sitt framlegg til ny fordelingsnøkkel for RMP midlane.

Anders Felde innstilt som fylkesleiar i Vestland Bondelag

Marianne Nordhus er innstilt som ny nestleiar etter Peder Nernæs. Nernæs hadde meldt frå til valnemnda om at han ikkje stilte seg disponibel for verv i fylkesstyret. Fylkesårsmøtet vert gjennomført digitalt torsdag 11. mars.

Laks, badetemperaturar, saueklipping, kalving og lengt etter å kunne møtast att

Arbeidsoppgåvene og idèane er mangfaldige hos lokallagsleiarane i Naustdal, på Radøy, Fitjar og i Lærdal. Her kan du lese og sjå bilete frå ei ny kvardagsreportasje utarbeidd med god hjelp frå leiarane i dei fire lokallaga.

Nye kursdatoar for arbeidsgjevarkurset i landbruket

Har du endå ikkje teke arbeidsgjevarkurs for landbruket? Då kan du velje mellom to ulike nye datoar i april; 8. og 13. april. Kvart kurs varer fire timar, og du treng kun å delta på eitt kurs..

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere