Valnemnda hadde sitt første møte under Leiarmøtet i Sogndal.   Nett no har dei noverande tillitsvalde fått spørsmål om dei stiller seg disponible for vidare arbeid.  Dei har svarfrist til 10. desember.   Uansett svar frå noverande tilltsvalde, så ynskjer valnemnda innspel på dyktige personar som kan ta på seg viktige verv på vegne av medlemene i Vestland Bondelag.

Med seg i valnemnda har Samson Hamre, som er medlem i Ullensvang Hagebrukslag, følgjande 5 medlemer:

  • Per Hilleren, Sogndal Bondelag, nestleiar
  • Kari Heggenes Kvammen, Radøy Bondelag
  • Silje Åsnes Skarstein, Olden Bondelag
  • Øystein Huglen, Huglo Bondelag
  • Karin A. Øverli Grøneng, Førde Bondelag

F.v.: Øystein Huglen, Kari Heggenes Kvammen, Samson Hamre, Karin A.Øverli Grøneng og Per Hilleren.  Silje Åsnes Skarstein sit også i valnemnda.

Årsmøtet i Vestland Bondelag vert skipa til i Ullensvang  onsdag den 9. og torsdag den 10. mars 2022.  I god tid før då må valnemnda vere ferdig med det viktige arbeidet sitt.