Olav Myhr var utsendt frå fylkeslaget og tok opp tema som hjorteforvaltning og hjorteskader og utfordringar med innsamling av landbruksplast. Han tok også opp omstilling til lausdrift i mjølkeproduksjonen, og då særleg for mjølkebruk under 30 kyr.

Årsmøtelyden var opptatt av kommunale tilskot til veterinærar og veterinærvaktordning. Dei hadde også ein klar beskjed til fylkelaget: Vestland Bondelag må ha fullt fokus på økonomi og auka inntekter framover, det hastar!