Det årlege Skattekurset er ein del av samarbeidsavtalen Bondelaget har med rekneskapsfirma i alle fylka. Temadagen vert arrangert i samarbeid med Økonomiforbundet, og er open for alle. I år fekk vi deltakarar frå både Vestland og Rogaland, og det vart difor rundt 70 personar i møtet.

- For mange av deltakarane er Skattekurset eit høgdepunkt. Det var veldig kjekt å møtast fysisk, sjølv om det vart litt trangt i møterommet den siste dagen. Hardangerkonferansen vart arrangert på same hotell, og det vart litt trangt om plassen. Deltakarane tok det fint, og fekk med seg fagleg oppdatering innan skatt og avgift, rettslære, bokføringsregelverket og GRFS. Kursleiarar var Marta Melby og Pål Kristian Ormstad.

Temadagkurset var "Bokføring" med Morten Thorkildsen. Det var mange som tok begge kursa, og fekk tre dagar på hotell. Det var god stemning og glede over å sjå kollegaer igjen.

Litt trangt om plassen den siste dagen, men deltakarane tok det med eit smil