LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Vestland Bondelag er godt nøgde med at ein aukar investeringspotten for 2022 med 200 millionar kroner.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- Dette vil gje fleire mjølke- og ammeku bønder mogelegheit til å investere, men samtidig er det avgjerande at ein greier å løfte lønsemda i landbruket. Dette må på plass i jordbruksoppgjeret i 2022, held Felde fram.

 

Forventningar til regjeringa

- Vi forventar at regjeringa også kjem med forbetra verkemiddel knytt til investeringar i landbruket gjeldande for 2022.

Fylkesleiaren meiner at villkåra for å investere i fjøs for under 30 mjølkekyr framleis er for dårleg.

- Taket for tilskot til nybygg må hevast frå 2 millionar til 3 millionar. Vidare må ein løfte tilskotsprosenten frå 35% til 50%.

Slik det er i dag er Felde redd investeringane innan mjølk stoppar opp i Vestland utan at regjeringa forbetrar verkemiddela.

- Ei styrking vil skape ei framtid for mange av mjølkefjøsa i distrikta, slår Felde fast.

I dag er det cirka 750 båsfjøs i Vestland. Fristen for å gå over til lausdrift for mjølk- og storefeproduksjon er i 2034.

- Det er avgjerande at vi får med så mange som mogeleg av desse for på kunne halde matproduksjonen oppe, samt halde areala i drift.