Influensar Ingeborg Sol Fure møtte ei lyttande forsamling då levrte eit ærleg og tankevekkande innlegg til leiarmøtet i Vestland Bondelag.   Med bilete frå barndomen i Måløy der draumen om bondelivet på Fiskå med hest og andre dyr stod sterkt innleia ho forteljinga om vegen fram til dagens kvardag der ho lever av å vere influensar, historieforteljar og forfattar.  Vegen frå bonderomantikk til influensar ei lang reise med sidespor og opp og nedturarar i kvardagen.

Ho ynskjer å inspirere menneske til å bli litt meir glad i sosiale media.  Sjølv er ho svært glad i Instagram som ho opplever som ein genial app som er enkel til å finne fram til. All verdens kunnskap, ferdigheiter og oppskrifter er tilgjengeleg ved eit tastetrykk.  Dei som er smarte brukar appen.  Det som starta ved å vere biletdelingsteneste er no ein plattform for å kunne byggje næringsverksemd.  Du må vere villig til å legge tid og energi i det om kontoen skal bli bra.

E da eigentleg so gale å å sleppe å sjå baksiden av medaljen?

- Vi treng ikkje sjå "baksida av medaljen" på instagram, den finn vi meir enn nok av i nyhenda og pressa elles, sa ei tydeleg Fure

Som menneske gjer vi våre val med utgangspunkt i to kjensler; frykt og kjærleik.  Vi kan velje å seie nei og trekke oss av frykt eller vi kan gå inn i ein ny kvardag med kjærleik.   - Ved å takke ja til å halde innlegget i dag gav eg til dømes meg sjølv ei utfordring til å vekse basert på kjærleik, synte Ingeborg Sol Fure i sitt innlegg. 

Samarbeid skapar kreativitet og kvalitet

Karma er konsekvens av dei handlingane vi gjer uavhengig av situasjonen bak.  Det vert ballen som rullar.  - Utan å legge vekk frykten for å feilast hadde eg aldri nådd så langt som eg no har gjort sa Fure.  - Gjennom samarbeid med fotograf Jostein Vedvik skapte vi kreativitet, opplevingar og bygde kompetanse, og når pandemien slo inn over landet fekk vi vårt første kommersielle oppdrag held Fure fram.  Sidan starta ballen og rulle.    Renault Norge villle kjøpe 3 bilete frå instagramkontoen til si Opplev Norge kampanje, og etterkvart utvikla samarbeidet seg til at eg vart ambassadør for Renault Norge,  slik eg også er for reiselivsverksemda Knuteholmen.   Samarbeidet med fotograf Jostein Vedvik vart utløysande til at ballen tok til å rulle.  - Samarbeid er nøkkelen til suksess - nøkkelen til kreativitet og nøkkelen til at alle får det kjekkare, avslutta Fure.   

Sjå Ingeborg Sol Fure sin Instagramkonto