Vellukka plastinnsamling
Oppstryn Bondelag har hatt plastinnsamling. I år fekk dei god hjelp av elevar frå Stryn ungdomsskule.
- Det meste som har kome inn er rein og fin plast.
Det fortel Sondre Reme, elev på Stryn ungdomsskule.
- Det å samle inn landbruksplast er veldig viktig. Dersom ein ikkje gjer ein god jobb her, kan det gå utover bøndene. Det er ikkje fint å ha plast liggande i naturen. Dyr kan få det i magen, og det kan skade omdømme til landbruket.
Ein kjekk dag
- Det er kjekt å ha ein litt anna type skuledag.
Det seier Erik Yttergård. Han var postmannskap på eitt av innsamlingspunkta.
- Det er ein viktig jobb eg får vere med på. Plast i naturen er ikkje bra.
Det er Gaute Lykkebø heilt einig i.
- Plast høyrer verkeleg ikkje heime i naturen.
Kjekt med hjelp frå ungdomsskulen
- Dette har vore ein vellukka dag. Ekstra kjekt å få hjelp av elevar på Stryn ungdomsskule.
Rolf Olav Gjørven fortel at plastryddeaksjonen er viktig, og at bøndene er flinke til å levere inn plasten sin.
- Me har eit vindauge på fire timar der bønder kan levere inn landbruksplast. I tillegg har me ein stålcontainer ståande ute i ei veke.
Gjørven fortel at dette har vore ein god måte å organisere plastinnsamlinga på.
- Landbruket har ansvar å rydde opp etter seg. Med ordninga som er no, lagar me til eit lågterskel tilbod med tak. Bøndene får ein bestemt tidsfrist på når dei kan levere, og det fungerer veldig godt. Det er viktig å gjere det fint til våren.
* Plastinnsamlinga er eit samarbeid med friluftsrådet og stryn kommune. Det er ein del av vårryddeaksjonen til Stryn kommune.