Nyhende frå Vestland Bondelag

- Kjekt å gå på tvers av regionane no når me kan!

Regionmøte-runden held fram i Vestland Bondelag, og torsdagskveld var det eit nytt møte med deltakarar frå ulike kantar i fylket.

Tilsynskampanje i norsk svinehald

Mattilsynet gjennomfører i 2021 og 2022 ei landsdekkande tilsynskampanje som skal kartlegge korleis grisene i Norge har det.

Engasjerte tillitsvalde på digitalt møte

Regionmøte på Zoom er ikkje det same som å møtast fysisk, men både dei tillitsvalde i fylkesstyret og lokallaga tok utfordringa på strak arm.

Oversikt over regionmøta

Her kan du sjå ein oversikt over regionmøta denne veka og neste. Dei første møta er i morgon.

Kurs i klimakalkulator

Mjølkebønder i Voss og omland inviterast til det første kurset i klimakalkulator i Vestland. Det vil verte kurs andre stader i fylket etter kvart.

Ta rovviltnemndene sine innspel på alvor!

– Vi ynskjer å markere støtte til rovviltnemndene og deira vedtak om lisensjakt på ulv i ulvesona, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag, Anders Felde. 

Framleis ikkje meldt deg på arbeidsgjevarkurset?

Alle som har arbeidsgjevaransvar i bær- og grøntnæringa skal gjennomføre kurset før 2021-sesongen startar. Det vert gjennomført nye kurs no i slutten av januar og starten av februar så det er berre å melde seg på, seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Kari Sigrun Lysne.

Ein god dag for beitenæringa

- Det er først og fremst godt for beitebrukaren i Ytre Sogn, at ulven som har hatt tilhald i området, vart felt i går, seier Ole Bjarne Hovland, som er rovviltansvarleg i fylkesstyret i Vestland Bondelag

Invitasjon til regionmøte

Regionmøta er ein viktig arena der lokallaga og fylkesstyret kan informere kvarandre. I år vert møta digitale med ein geografisk blanding av lokallag.

Hektisk start på det nye året

- Eg skulle gjerne ynskt at vi hadde fått til fleire fysiske møtepunkt, men når det ikkje er mogleg så vert vi betre og betre på digitale plattformar seier fylkesleiar Anders Felde. Fylkesstyret hadde møte sist onsdag kveld og skal ha nytt møte på måndag.

Puslete frå regjeringa

- Etter å ha lese regjeringa sin klimaplan grundig sit eg att med mange spørsmål og ei kjensle av at dette ikkje er eintydig bra for framtidig matproduksjon i Vestland, seier fylkesleiar Anders Felde.

Sveio Bondelag er gode på Open Gard

I presentasjonsrunden av lokallaga er turen komen til Sveio Bondelag sør i fylket.

Kviler stort alvor over klimameldinga

- Denne meldinga krev at vi i landbruksnæringa produserer med eit lågare klimaavtrykk, seier fylkesleiar Anders Felde. Det kviler eit stort alvor over denne meldinga, og eg er skuffa over at det ikkje vert presentert større vilje til å satse på landbruket som løysinga i arbeidet med klimaomstilling.

Melding til Stortinget med klimaplan for 2021-2030 lagt fram i dag

I dag la regjeringa fram Klimaplan for 2021-2030 med mange konkrete tiltak for korleis Noreg skal kutte i klimautslepp. Du kan lese klimaplanen her.

Grøntutvalet i Vestland har hatt sitt første møte

- Eg er glad for at vi har fått på plass eit eige fagutval på grønt med dyktige medlemer med ulike produksjonar og stor kunnskap, sa fylkesleiar Anders Felde i si innleiing, då Grøntutvalet i Vestland Bondelag var samla for første gong torsdag kveld.

Studiearbeid føre jordbruksforhandlingane

Det er tid for det årlege studiearbeidet. På nettsida kan du sjå videoar som forklarar viktige tema i jordbruksforhandlingane.

Uskedalen Bondelag står på for medlemene og bygda

Uskedalen Bondelag er gode på sosiale aktiviteter for medlemer og står på for viktige saker i bygda.

- Bøndene og landbruket er på hugget!

Anders Felde heldt innlegg om berekraftig matproduksjon med lågare miljøavtrykk på nyttårsmøte til Vestland Fylkeskommune.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere