Uskedalen Bondelag har 60 medlemer og er eitt av 6 lokallag i Kvinnherad kommune. Dei har fleire årlege arrangement for medlemene, som studiering, grautkveld og jonsokfeiring. På grautkvelden kjem det rundt 30 medlemer!

Lokallaget er engasjert i viktige saker i bygda, som arealsaker, plassering av Felleskjøpet og rottebestanden i bygda. Dei reagerte også kraftig på framlegg om å legge ned brannstasjonen i Uskedalen. Dei tok kontakt med politikarar og næringsliv og skreiv lesarinnlegg i lokalavisene. " Ved nedlegging av stasjonen i Uskedalen vert det heilt klart mindre trygt å bu i Uskedalen", skreiv lokallaget i avisa og viste til at utrykkingstida ville bli alt for lang. Stasjonen vart heldigvis redda.

Dei siste åra har medlemene fått vere med på to fagturar. Dei rakk akkurat ein tur til Jæren før landet stengde ned i mars. Over 20 personar var med på turen, der dei besøkte eit lausdriftsfjøs på Undheim og Jæren Biogass.

I 2019 reiste 25 deltakarar to dagar til Voss. På garden Bjørke fekk dei mellom anna omvising i det nye sauehuset. Dei tok også turen til jordbruksskulen. Rådgjevar Samson Hamre, som har 40 års samanhengane tenestetid på skulen, tok dei med på ein framifrå omvising på heile skulen.

Lesarinnlegg frå Uskedalen Bondelag om brannstasjonen.

Studietur til Voss

Studietur til Voss

Jonsokfeiring