- Eg trur me alle er einige om at det aller kjekkaste hadde vore å treffast fysisk, men når situasjonen er som den er så er dette det tryggaste alternativet og samstundes ein god måte å bli kjende på tvers av regionar, seier styremedlem Kari Sigrun Lysne som saman med nestleiar Peder Nernæs leia møtet torsdagskvelden. Istadenfor å samle lokallaga frå kvar region, vart det lagt opp til å mikse lokallaga frå gamle Sogn og Fjordane og Hordaland slik at ein kan bli betre kjent med kvarandre. Dette tykte fleire av deltakarane var positivt. 

Styremedlem Kari Sigrun Lysne stod for møteleiing saman med nestleiar Peder Nernæs. 

Møteleiarane hadde ein tøff jobb med å leie ein engasjert gjeng gjennom alle tema som skulle opp innanfor gitt tidsramme. Eit av tema som vart gjennomgått var lokallagsaktivitet i korona-tider. - Det har ikkje vore lett å få gjort ting slik vi har gjort det før, men det er viktig at vi er tilstades for medlemene våra. Lokallaga må vere der framleis, seier Lysne. Deltakarane vart delt inn i grupper for å dele erfaring og idear for å oppretthalde aktiviteten i lokallaga under koronarestriksjonane. Det har vore vanskeleg for fleire å få planlagt og gjennomført aktivitet, men ynskje om aktivitet er der. Det kom forslag om både digitale samlingar og utandørs aktivitetar med bålbrenning, aking og hage-/markvandring mellom anna. Andre viktige tema som vart tatt opp var mjølkekvote, klimameldinga og innspel til jordbruksforhandlingane. Engasjementet var stort og møteleiarane noterte flittig innspela for å ta det med inn i styrearbeidet framover. 

Generalsekretær Sigrid Hjørnegård deltok òg i møtet, og orienterte om viktige saker som det jobbast med sentralt. Deretter opna ho for spørsmåls- og innspelsrunde frå lokallaga. - Innspela frå lokallaga er noko med det viktigaste vi har, sa generalsekretæren som ser det positive i den digitale kvardagen med at ein lettare kan delta i møte rundt om i heile landet. 

Generalsekretær Sigrid Hjørnegård. 

Leiar i Henden Bondelag, Ranveig Årskog slo eit slag for framsnakking av norsk mat. Vi må ta meir plass blant påverkarane og få fokus på berekraftig produsert mat frå Norge. Dei ulike produksjonane og områda må jobbe saman om dette. Ho kom samstundes med skryt til Hjørnegård for å vere ei tydeleg stemme inn mot politikarane.