I dag hadde Mattilsynet i Sør og Vest invitert representantar for næringsorganisasjonane til informasjonsmøte om kampanjen.    Fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde oppsummerte møtet som eit godt og informativt møte.  Han var tydeleg på at kunnskapen og informasjonen til bonden må vere god og einsarta.  Noko Mattilsynet sine representantar stadfesta at dei legg stor vinn på å få til.  Frå Mattilsynet var det Regiondirektør Karen Johanne Baalsrud, Olav Tørresdal og Wenche Sande som orienterte.

Normalt så gjennomfører Mattilsynet såkalla risikobasert tilsyn.  Dette tilsynet er ikkje risokobasert.  Det er eit tilsyn hos tilfeldig utplukka produsentar.  Veterinærinstituttet har plukka ut om lag 600 produsentar i Norge.  Det er fordelt på fylka etter kor mange besetningar det er i kvart fylke og Mattilsynet kjem på uanmeld tilsyn.   Der det er mogleg vil dei samordne tilsynet med å ta ut MRSA-prøver.

Før tilsynet tek til vil det også bli gjennomført informasjonsmøte med lokale veterinærar og rettleiingstenesta.  Sjølve tilsynet håpar Mattilsynet å få starta opp med litt ut i februar månad.  Det skal gjennomførast totalt kring 400 tilsyn i 2021 og 200 tilsyn i 2022.  

Alle svineprodusentar vil, i følgje Mattilsynet, motta brev med lenkje til informasjon om tilsynet som skal skje hos tilfeldig utvalde svineprodusentar.   På mattilsynet sine sider ligg grundig informasjon om tilsynet som vi i Bondelaget vil tilrå at alle svineprodusentar les.   Tilsynet er uanmeldt då det skal gje eit sannferdig bilete av dyrevelferda i norsk svinehald. Tilsynet vil verte gjennomført av 2 inspektørar frå Mattilsynet. 

Video  - animasjon som syner korleis tilsyn frå Mattilsynet går føre seg

Landbrukspodden set fokus på dyrevelferd i svineproduksjonen

Grisunger (Foto:Innlandet Bondelag)