Nyhende frå Vestland Bondelag

Inspirasjon til lokal foredling av mjølk

- I dag er det lite foredling av kumjølk i Vestland, seier tilsett hos Statsforvaltaren Marit Hjortung. Landbruksselskapet i samarbeid med Statsforvaltaren og faglag inviterer til inspirasjonsdag for lokal foredling av mjølk i Vestland den 26. mai klokka 10:00 - 14:30 på den digitale plattformen Zoom

Ryddeaksjon i Nausta

Me startar helga med ein applaus til Naustdal Bondelag for vel gjennomført ryddeaksjon!

Avgjerande inntektsløft for å sikre norsk matproduksjon

I dag vart kravet i jordbruksforhandlingane overlevert staten.

Måtte snu seg raskt i 2020

- Frå å kunne produsere mindre enn i 2019 ved inngangen til 2020 - til å produsere meir enn i 2019 med færre kyr. Det står respekt av snuoperasjonen som mjølkebøndene fekk til i 2020, skriv prosjektleiar Jo Helge Sunde i oppsummeringa av Storfeprosjektet sitt arbeid i 2020.

- Det går i eitt når det er fint vêr!

Travle dagar er gjengangaren hjå denne vekas lokalagsleiarar.

Korleis sortere landbruksplast?

Styret i Vestland Bondelag har utfordra lokallaga til å rydde landbruksplast. Det kan vere fint med ei påminning frå Nils Magne og Anders om korleis ein skal samle inn og sortere plasten.

Webinar om solenergi på garden

Vil du finne ut meir om moglegheitene for solcelleanlegg på garden din? Vestland Bondelag, Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge, og Norges Vel inviterer til fagleg påfyll 27. mai klokka 10 -11.30.

Gjekk du glipp av viltwebinara?

No har de høve til å kjøpe tilgang til å sjå opptaka av viltwebinara.

Kvifor har kyra så store auge?

Det kom mange spørsmål frå 3.klasse ved Halsnøy skule då dei vitja garden til nestleiar Marianne Nordhus førre torsdag.

Landbruksinntekta sakkar akterut – det trengst ein reell vekst i lønsemda

- Det er uhaldbart at inntektsveksten til matprodusentane over tid ikkje held tritt med lønsveksten til andre grupper i samfunnet, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde

Snø og fulle gjødsellager

Det har vore mykje køyiring for denne vekas lokallagsleiarar, både med flytting av gjødsel, brøyting og transport av materiale. På Sotra er dei snart klare for å få ut kunstgjødsel, og i Byrkjelo har dei 50 cm med snø.

Vi dyrkar (Vest)land(et)!

I dag er startdatoen for lokallagskampanjen "Vi dyrkar landet", og både lokallaga, fylkesstyret og administrasjonen i Vestland Bondelag er klar for å delta.

Lokallagsaktivitet i nye høgder

Høgt hang dei, og blide var dei. :)

Travel tid i sauefjøset

- Jammen er det travelt, men det er no kjekt også seier leiar i Austrheim og Lindås Bondelag, Ove A. Holmås som i dei komande vekene ventar på at fleire hunde lam skal verte fødde.

RMP-tilskot for gjødslingsmetodar 2021

Informasjon om RMP-tilskotsordningane for spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging, og eventuelt med tilførselsslange/slepeslange for 2021 ligg no på nettsida om Regionalt miljøprogram hjå Statsforvaltaren.

Jervebestanden må reduserast

- Beitenæringa kan ikkje leva med ein bestand på jerv som nærmar seg det doble av kva som er Stortinget sin målsetnad seier styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland

Vipeskjold til hjelp i vårvinna

- Dette er eit enkelt og nyttig hjelpemiddel både for Vipa og for oss bønder i vårvinna, seier leiar i Halsnøy Bondelag Anfinn Toft.

Kurs i klimakalkulator

Det første kurset i klimakalkulator i Vestland vart gjennomført på Voss. Deltakarane var positive til at mange data var samla på ein plass, men syntest kalkulatoren treng litt meir utvikling.

"Bil, biff og borring"

- So ufatteleg kunnskapslaust og provoserande. Folk flest forstår at oljeboring og biff er i to ulike kategoriar i forhold til klimautslepp og berekraft, men dessverre er gode slagord viktigare enn truverd, seier Anders Felde i ein kommentar til MDG sitt slagord før Stortingsvalet

Vil du studere lokal matkultur?

Fagskolen i Hordaland tilbyr fagskuleutdanninga "Lokal matkultur" for dei som ønskjer ei heilskapleg utdanning innan den lokale gastronomien.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere