Statsforvaltaren har tru på at bonden kan ha gevinst av å investere i solenergifangst på takflater. Innovasjon Norge støtter slike investeringar med inntil 35% og fleire leverandørar er klare til å installere utstyr på nettopp taket ditt. Ei kjapp spørjeundersøking haust 2020 i regi av Statsforvaltaren i Vestland kjem til følgjande konklusjonar: 

  • Over 70% av bøndene som svarte, vurderer å investere i eit anlegg. 
  • Dei har høgast straumforbruk til oppvarming og i produksjonen. 
  • Eit fleirtal er usikkert om investeringa vil lønne seg...
  • ...og investeringskostnaden vert sett som den største hindringa. 
  • Men dei fleste ønskjer å lære meir om dette temaet. 

Webinaret gjev ei kort innføring i tekniske løysingar, vurderingar rundt investering, økonomi mm. Vi vil også vise ein liten film om ei vellukka løysing hjå ein lokal gardbrukar som har investert i solcelleanlegg.  

Innovasjon Norge vil informere om sine støtteordningar til solcelleanlegg. Individuell oppfølging og rådgjeving på gardsnivå vil vere mogleg i etterkant av fagseminaret.  

Landbruket er ein del av løysinga for klimautfordringane, så meld deg på fagseminaret mai 2021. 

Program, påmelding og meir informasjon.