Siste året vart eit spesielt år på mange vis, slik òg for storfehaldarane i Vestland fylket. Ved inngangen av året såg ein føre seg ein betydeleg reduksjon av mjølkeproduksjonen. Mjølkeprodusentane hadde tilpassa seg dette ved å redusere kutalet med 3% ved inngangen til 2020. Nedgangen i kutalet var størst i Vestland Fylke med heile 6%.

Pandemien i kombinasjon med utsetting av oppstart av «Jarlsberganlegget» i Irland endra radikalt på desse føresetnadane. Forholdstalet som ved inngangen av året var på 0,96 vart endra til 1,05 i første halvår.  Mjølkeproduksjonen gjekk ned med ca. 4% fram til og med mai. Frå juni snudde det, og når året 2020 var over, var den samla mjølkeleveransen i landet auka med 16 mill. liter samanlikna med 2019. Auken i Vestland var på 0,2%. Både Møre og Romsdal og Trøndelag hadde ein liten nedgang i leveransen. Med tanke på den store nedgangen i kutalet i Vestland (dobbel så stor som gjennomsnitt for landet), var det ein stor prestasjon å komme over leveransen i 2019. Sommarmjølk-leveransen i Vestland, i juli, august og september, auka med 8% samlikna med året før.

Arbeidet i Storfeprosjektet i 2020

Det er utført 87 kundemøter hos potensielle utbyggingsbruk i 2020. Trass i ein del utfordringar i deler av året fekk dei fleste fysiske møter på garden. Elles har teams-møter dominert møteaktiviteten. Såleis har vi truleg nådd ut til fleire enn normalt. Vi inviterte alle båsfjøsbøndene til mobiliseringsmøte på teams i oktober, vi delte inn i to møter, eit for Hordaland og eit for Sogn og Fjordane. Til saman var det kopla opp i overkant av 100 deltakarar. Vi presenterte eit variert program med både praksis og teori frå planleggingsfase til ferdig fjøs. Det var stor respons etter desse to møta, særleg var responsen frå Hordaland imponerande god. Tidleg i desember var det nytt møte i regi av Storfeprosjektet og sommarmjølk-prosjektet. Fokus på dette møtet var status og framtidsutsikter  for mjølkeproduksjonen i Vestland. Her var alle mjølkeprodusentane invitert, på det meste var 170 stk. oppkopla. Fokus var framtida for mjølkebonden og meieriindustrien i Vestland.

 

Arbeid framover:

Områda i landet med dei minste mjølkebruka har framleis den lengste vegen å gå for å oppfylle lausdriftskravet i 2034 sjå tabell under. Det er likevel stor vilje og det er mange som ynskjer å satse. I slutten av mars i år inviterte Storfeprosjektet til innflyttingsseminar på teams. Dei inviterte var dei som fekk innvilga søknadane sine om investeringsstøtte i vinter, og ein del av dei som er under planlegging. I alt 39 mjølkeprodusentar deltok på møtet, 9 gav melding om at det ikkje passa den dagen, men ville gjerne vere med ved neste høve. Vi er godt i gang med både vegvalsmøter og planlegging framfor ein ny sesong og har god tru på minst like mange søknader neste år som i år, men sjølvsagt litt avhengig av signal i årets jordbruksoppgjer. Vi har planer om å invitere mjølkeprodusentane til digitalmøte etter jordbruksoppgjeret i slutten av mai, seier Sunde

Ammekyr

På teljedato 1. mars vart det registrert 5638 ammekyr i Vestland Fylke, som er ein auke på 17% samanlikna med 2018. Tilsvarande for landet er auken knapt 11%. Vestland har 5,7% av alle ammekyr i landet, tilsvarande tal for 2018 var 5,2%. Det går den rette vegen. Det vart innvilga tilskot til 15 ammeku-utbyggingar i Vestland fylke; 6 stk. i Sogn og Fjordane og 9 stk. i Hordaland. Samla tilskotsbeløp utgjer for desse 13,4 mill kr. Det er framleis interesse for utbyggingar til ammekyr, men prosjekta er ofte marginale og gode inntekter utanom gardsdrifta er avgjerande for å realisere utbyggingane også her. Nøkkelen til framleis interesse for utbygging til ammekyr på dei mindre gardsbruka handlar også her mykje om rammevilkår. Utbyggingskostnadane blir store i høve til inntening. Det er heldigvis mange entusiastar der ute. Fleire har truleg bestemt seg for å avvikle mjølkeproduksjonen før 2024, då er det viktig å stimulere til ammekusatsing på fleire av desse bruka. Både NLR og TINE har rådgjevarar som tilbyr god rådgjeving til utbygging til ammekyr og begge aktørane utfører gratis førsteråd til alle som vurderer utbygging til ammekyr. Takka vere prosjekt som i stor grad er finansiert med offentlege midlar.