Denne vekas lokallagsrunde startar heilt sør i fylket, hjå Jon Bergmål som er leiar i Sveio Bondelag. - No har det gått i lamming, kalving, køyring av skit, og i tillegg har me ein liten ein i hus så det er travelt både natt og dag her, seier Jon. Til beitesesongen skal dei til med NoFence på kyrene, og er svært spente på korleis det går. - Viss dette fungerar så opnar det opp fpr å ta i bruk eit mykje større beiteområde, og å få henta framatt beite som ikkje har vore i bruk på eit par generasjonar, seier Jon. 

Lenger nord i fylket, hjå Knut Tore Nes Hjelle i Eid Bondelag, er det midt i lamminga. - No er me cirka halvvegs i lamminga, så det er travle dagar her òg, seier Knut Tore. - Med lange dagar og i minste laget med søvn er det klart at ein blir sliten, men det er snakk om ein liten periode av året og ein er innstilt på det så då går det bra, held han fram. Knut Tore håpar det blir eit normalt vårslepp i år. - Akkurat no er det noko surt og kaldt, men det er mykje betre å få det no enn i mai som i fjor. For fjellbeite sin del var det gull å få litt meir snø der. 

Reiser vi noko sør og austover frå Eid Bondelag kjem me til Anders K.Mundal i Fjærland Bondelag. - Her er det stille før stormen, seier han. Snøen som kom sette våronna litt tilbake, men no er det tøya og bøndene håpar å komme i gang med å køyre møka ut i slutten av veka. Elles melder han at ståa er bra. For lokallaget har det som for dei aller fleste andre lokallag vore ganske roleg på aktivitetsfronten siste året. - Men vi har hatt demonstrasjon av krattknusar her, og då kombinerte me det med eit medlemsmøte utandørs slik at det vart i tråd med smittevernreglar. So får me håpe det går an å finne på litt meir i år. 

Då ynskjer me dykk alle ei riktig god helg, og håpar at de kan nyte vårsola litt mellom lamming, gylling og anna vårarbeid. :)