- Bøndene og landbruket er på hugget!
Anders Felde heldt innlegg om berekraftig matproduksjon med lågare miljøavtrykk på nyttårsmøte til Vestland Fylkeskommune.
Nyttårsmøtet til Vestland Fylkeskommune vart arrangert som heildigitalt møte 5.januar. Tema for møtet var klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga og styrka vekstkraft i heile fylket. Ulike aktørar frå fylket var inviterte til å halde innleiing, og fylkesleiar Anders Felde, heldt innlegg om landbruket i Vestlland.
- Landbruket i Vestland er noko vi kan vere stolte av alle saman! Vi produserar og leverar svært mykje av landbruksprodukta i landet, og skapar mange arbeidsplassar både direkte og indirekte knytt til næringa og held i hevd eit fantastisk kulturlandskap som tiltrekke seg besøkande frå både fjern og nær. Dessutan har norsk landbruk eit mindre klimaavtrykk på produksjonen sin samanlikna med andre land.
Bruk av plastikk i landbruket har vore oppe i media i seinare tid, med funn av plast i Vestlandselvar som stamma i hovudsak frå landbruket. - Vi klarar nok ikkje å kvitte oss med plasten i landbruket. Rundballar har kome inn som eit effektivt og godt tiltak for bonden, og gjerne vestlandsbonden spesielt. Vi har mange spreidde teigar og dermed er det meir effektivt å bruke rundballar i det korte haustevindauget vi har. I tillegg er det relativt lite arbeidskrevjande og gjer det lettare for bonden å få unna slåtten åleine.
Felde kan ikkje love mindre rundballing i tida framover. - Men det vi kan love er at vi skal gjere meir for å unngå at plast kjem på avveger, og vi skal jobbe for å bli endå betre på innsamling og opprydding. Bøndene gjer allereie ein god jobb på plastinnsamling. Heile 85% av landbruksplasten blir samla innatt til gjenbruk. Ser vi på forbrukaren så er det kun ca 25 % av plasten som blir samla inn til gjenbruk. Det er heller ikkje slik at dei resterande 15 % kjem på avveger i naturen, mykje går i restavfall eller blir samla inn utanfor Grønn Punkt systemet. Men når det er sagt så har vi ei målsetjing om å ha ei endå høgare plastinnsamling. Vi skal ta initiativ til betre innsamlingsordningar for å få inn nærare 100% av plasten. Det er ikkje akseptabelt at plasten havnar i naturen!
Felde gjekk vidare til å fortelje om Landbrukets Klimaplan der målet er å kutte utslepp frå landbruket med 5 millionar tonn CO2 ekvivalentar innan 2030. - Det er ein betydeleg jobb, men vi skal greie det! Felde tok føre seg dei 8 ulike satsingsområda til klimaplanen. - Bøndene og landbruket er på hugget! Vi ser at ny klimateknologi kan revolusjonere landbruket. Vi har engasjerte og innovative bønder og vi er med på å utvikle nye løysingar som vil gjere oss endå meir berekraftige. Vi kan med andre ord oppretthalde matproduksjonen vår og samtidig syte for eit mindre klimaavtrykk. Vi er gode i dag, men vi skal bli endå betre, avsluttar Felde.
Møtet vart leia av Jon Askeland og Natalia Golis.